Kunngjering - Nytt løyve etter forureiningslova til akvakulturanlegg i Kvam herad

Stadion Laks AS har 02.06.2022 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Djupevik.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.06.2022

Det er gjeve løyve til ein årleg produksjon på inntil 1849 tonn. Verksemda skal leggje ut eit lukka anlegg på lokaliteten, i tillegg til eksisterande merdanlegg. Det nye anlegget skal drivast med slamoppsamling. Verksemda har oppgitt ein målsetjing om å reinse 70% av partikulært organisk avfall, og Statsforvaltaren har sett vilkår om rapportering av utsleppsdata i løyvet.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.