Kunngjering - Nytt løyve etter forureiningslova til akvakulturanlegg i Bømlo kommune

Tubilah AS har 01.06.2022 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av kveite på lokaliteten Folderøyholmen.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.06.2022

Verksemda har tidlegare hatt utsleppsløyve til ein produksjon på 780 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB). Det nye løyvet erstattar gammalt løyve, og gjeld for ein produksjon på inntil 1560 tonn MTB av matfisk av kveite.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.