Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg ved lokalitet Kyravika i Fjaler kommune
Mowi Seawater Norway AS har 7. november 2025 fått løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av matfisk av laksefisk på lokaliteten Kyravika i Fjaler kommune. Det er gjeve løyve til ein produksjon på inntil 4680 tonn maksimalt tillaten biomasse (MTB), med vilkår om overvaking av sårbar natur.
Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova. Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.