Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Vik kommune

Firda Settefisk Arnafjord AS fekk 5. april 2022 løyve etter forureiningslova til utviding av landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Arnafjord.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.04.2022

Verksemda har no fått løyve til utslepp frå ein årleg produksjon på inntil 1500 tonn av settefisk og postsmolt av laksefisk. Det er sett krav om utsleppsreduserande tiltak (reinsing av utsleppsvatnet) og overvaking av utsleppa til sjø.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.