Kunngjering - Endra løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Fitjar kommune

Engesund Fiskeoppdrett AS har 28. juni 2021 fått endra løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Dyrholmen Vest.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.06.2021

Løyveendringa omfattar endra plassering og utviding av anlegget, samstundes som drifta ved nabolokaliteten Dyrholmen Øst skal avviklast. Det er gjeve løyve til utslepp frå ein produksjon på inntil 1560 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB).

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.