Kunngjering om løyve til sanering

Bergen kommune har 30. juni 2022 fått løyve etter forureiningslova til sanering av Slettebakken deponi. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.06.2022

Slettebakken blei nytta som deponi for hushaldningsavfall frå 1940 til 1961. Det er estimert at det ligg ca. 144 000 tonn avfallsmasser på det ca. 42 000 m2 store deponiområdet, som no skal gravast opp og handterast. Avfallsmassane skal gjennomgå avansert avfallsbehandling på Slettebakken i form av sortering i ulike siktestajonar og i eit jordvaskeanlegg. 

Det er trudd at opp mot 60 % av avfallsmassane kan gjenbrukast i djupareliggende lag etter at massane har gjennomgått sortering og reinsing. 

Oppstart anleggsdrift er medio august 2022 med antatt sluttdato mars 2024. Sjølve avfallsbehandlinga vil skje frå desember 2022 til mars 2024.

Løyvet gjev vilkår/reglar bl.a. for prøvetaking av dei ulike utsorterte avfallsfraksjonene, handtering av avfallsmassar, overvaking av Tveitevatnet og dokumentasjon av støy som følgje av anleggsarbeidet.  

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummer 2020/315.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.