Kunngjering - Endra løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kvam herad

Lingalaks AS fekk 14. januar 2022 løyve etter forureiningslova til endra arealbruk på lokaliteten Tveitnes. Produksjonsvolum er ikkje endra. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.02.2022

Arealendringa inneber utviding av tal ringar, og noko endra plassering innafor areal som er sett av til akvakultur i arealdelen av kommuneplanen for Kvam herad. Endringa inneber ikkje auke i produksjon. Utsleppsløyvet var eldre enn 10 år og er difor oppdatert på alle vilkår i løyvet.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og vilkår finn du på høgre side. Løyvet er òg kunngjort på www.norskeutslipp.no

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere endringar i vedtaket, gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.