Stor kartlegging av skytebaner i Vestland

Det er henta inn informasjon og gjort ei risikovurdering av 325 sivile og nedlagde skytebaner i Vestland. For 34 av desse banene er risikoen for skade på helse og miljø vurdert som høg.

Publisert 22.05.2026

På oppdrag frå Statsforvaltaren i Vestland har Asplan Viak gjennomført ei overordna risikovurdering og kartlegging av både aktive og nedlagde sivile skytebaner i fylket. Føremålet med kartlegginga var å hente inn opplysningar om geografisk plassering og driftshistorikk, som type bane, nærleik til resipient og befolkning og tal skot (årleg og totalt gjennom driftstid) som dei viktigaste parameterane. Som eit resultat av kartlegginga vil informasjonen om dei sivile skytebanene vere tilgjengeleg og kjend for planstyresmakter, forureiningsstyresmakter og ålmenta i databasen «Grunnforurensing». 

Gjennom dette arbeidet er det henta fram mykje ny kunnskap om kor det kan finnast grunnforureining frå bly, kopar, sink og antimon som følgje av mange års skyteaktivitet. Det er viktig å presisere at risikoanalysen byggjer på datasett med innebygd uvisse, og analysen er difor eit verktøy som berre bør brukast i ein innleiande undersøkingsfase.

34 baner i raud sone

Totalt er 325 skytebaner inkluderte i analysen. Av desse er 34 baner vurdert til å ha høg samla risiko for negativ påverknad på helse og miljø. Dei banene som kjem dårlegast ut i analysen, har ofte ein kombinasjon av høg bruksgrad og plassering i sårbar natur. De finn ei oversikt over dei baner som er vurdert bak i rapporten (De finn lenke til rapporten her , eller til høgre i denne nettsaka). 

Forbod mot bruk av blyhagl

Aktiviteten på skytebaner kan føre til utlekking av tungmetall til nærliggande bekker og vatn. Bly, kopar, sink og antimon er kjend forureining frå skytebaner, og det er desse stoffa ein vanlegvis måler ved overvaking. Spesielt bly er ei miljøgift som står på prioriteringslista til styresmaktene og i 2023 vart det forbod mot å bruke blyhagl i våtmark, inkludert ei buffersone på 100 meter frå våtmark. Det tyder at det nesten ikkje kan brukast lenger.

Millionvis av skot i myr og vatn

Det er registrert rundt 30 baner der det er anslått at det er avfyrt over éin million skot i løpet av driftstida. Det kan derfor ventast at bly har akkumulert i nærliggjande natur.

Rapporten viser at det er særleg kritisk for baner som ligg i myrområde eller nær drikkevasskjelder. Bly løyser seg lettare opp i fuktige område med låg pH, noko som aukar faren for spreiing av forureining.

Overvakingsprogram

Basert på risikoanalysen Asplan Viak har gjennomført, skal det no setjast i verk eit overvakingsprogram for dei banene med høgast risiko. Ei slik kartlegging kan også vere med på å justere risikovurderinga av dei resterande banene. Dette vil gje oss viktig kunnskap om effekten av tiltak og leggje til rette for ei vidare oppfølging av skytebaner i Vestland. Det er planlagt at overvakingsprogrammet skal ut på anbod i 2026 og gjennomførast i 2027. Omfanget av overvakinga vil avhenge av finansiering.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.