Statsforvaltaren krev opprydding av tomt med PFOS

Flyfoto av tomta med PFOS-forureining. Tiltaksområde er markert med blått. Foto frå: www.norgeibilder.no

Statsforvaltaren har pålagt Sunnfjord kommune og grunneigar av PFOS-forureina tomt i Sande sentrum å få utarbeidd ein tiltaksplan som grunnlag for opprydding i forureina grunn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.03.2023

Tiltaksplanen skal gje grunnlag for korleis tomta bør ryddast for å hindre eller minske fare for miljø og menneskeleg bruk. Ferdig rydda tomt skal kunne nyttast til byggjeføremål.

Lenke til vedtaksdokumentet finn du på høgre side.

Pålegget er eit enkeltvedtak som kan klagast på av partane eller andre med særlege interesser. Klagefrist er innan tre veker frå den tida partane fekk pålegget eller tre veker frå denne kunngjeringa for andre med særlege interesser. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Bakgrunn for saka

Tomta har vore nytta som bensinstasjon og verkstad til anlegget brann i 2011. Under brannen vart det nytta brannskum av typen «AFFF». Brannskum av denne typen kunne på den tida innehalde ulike typar PFAS-stoff. I tida etter brannen vart det funne konsentrasjon av PFOS i grunnen.

Allereie i 2008 vart bruk av PFOS i brannskum sterkt regulert. Forbod mot bruk og omsetting vart då vedteke i Stocholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar. I Norge er maksimalt innhald av PFOS-haldig brannskum for tida 0,001 vektprosent.

Kva er PFAS ?

Perfluorerte stoff som PFAS (perfluorerte alkylsulfonat) er ei gruppe med stoff som er nytta i svært mange kjemikal og produkt. Mange er kvardagsprodukt som er nytta i kle, steikepanner, matemballasje, skismurning og mykje meir. Tal stoff er i sterk auke, og truleg er det meir enn 10 000 ulike PFAS-stoff i bruk. Eit fellestrekk for ulike PFAS er at dei er svært stabile og brytast svært sakte ned i miljøet.

Mange PFAS er vist eller mistenkt å kunne føre til store negative følgjer for helse og miljø. Du kan lese meir om PFAS på www.miljøstatus.no.

PFOS er kjend for å hope seg opp i organismar (også menneske). Vert ein eksponert for stoffet kan det påverke immunforsvaret slik at vaksiner får redusert effekt. Stoffet kan også føre til fosterskade og er mistenkt å auke faren for kreft. PFOS-støv kan ein få i seg ved svelging eller innpusting. Du kan lese meir om helseffektar av PFAS-eksponering på www.fhi.no.

Regulering av PFAS

Både miljøstyresmaktene og helsestyresmaktene arbeider for å redusere bruken av PFAS og forby stoffa som for tida er kjend som mest farlege. Den europeiske styresmakta for mattryggleik (EFSA, European Food and Safety Authority) fastsette i 2020 ny tôlegrense for summen av fire farlege PFAS, der stoffet PFOS inngjekk. Grenseverdien vart sett som tolerabelt inntak per veke på 4,4 nanogram per kilogram kroppsvekt.

Miljødirektoratet arbeider med å få internasjonalt forbod mot fleire av dei (til no) kjende farlegaste PFAS. Langkjeda perfluorerte karboksylsyrer (PFCA) er no forbode frå 25.februar i år. Framleis er det tillete med nokre typar PFAS i brannskum, men eit framlegg om forbod kan tre i kraft i år eller neste år. I januar i år leverte Norge og nokre andre nordeuropeiske land framlegg om å forby alle PFAS i det europeiske kjemikalieregelverket.

PFAS i grunnen

På oppdrag frå utbyggingsinteressent utarbeidde Norconsult AS i 2018 ein miljøteknisk rapport over tilstanden i grunnen på denne tomta. Rapporten viste at delar av tomta var forureina med PFOS på nivå med det ein elles har funne på nokre brannøvingsplassar. Høgste verdi var over 800 mikrogram/kg. I 2018 var normverdien (nivå som er vurdert å ikkje ha helseskadelege konsekvensar) 100 mikrogram/kg. På bakgrunn av kunnskap om helse- og miljøfaren frå PFOS er det no framlegg om å redusere normverdien til 2 mikrogram/kg.

Dette er ein del av Statsforvaltarens arbeid med FNs berekraftsmål

GOAL_6_TARGET_6.3_0.png

Delmål 6.3: Innan 2030 sørgje for betre vasskvalitet ved å redusere forureining, avskaffe avfallsdumping og mest mogleg avgrense utslepp av farlege kjemikaliar og materiale, halvere prosenten ubehandla spillvatn og i vesentleg grad auke gjenvinning og trygg ombruk på verdsbasis

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner

Kva er PFAS og PFOS?

PFAS (perfluorerte stoff) er ei stor gruppe syntetiske stoff. Dei vert mellom anna brukt til å gjere produkt vass- og smussavstøytande. Dei inneheld fluor, og eit fellestrekk er at dei blir svært sakte brotne ned i miljøet.

PFOS (perfluoroktansyre) er ei undergruppe av PFAS-stoff.