Pukkverk kan bli betre på skriftlege rutinar

I mai og juni 2018 gjennomførte Fylkesmannen tilsyn med 15 pukkverk i Hordaland og to i Sogn og Fjordane. Både mobile/midlertidige og stasjonære pukkverk vart kontrollerte.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.06.2019

Landsdekkande aksjon

Kontrollane var del av ein landsdekkande aksjon, og er ei oppfølging av tilsvarande aksjon i 2012. Målet med tilsynsaksjonen var å:

  • bidra til at bransjen følgjer krava i forureiningsforskrifta kapittel 30
  • avdekke utslepp til luft, vatn og støy som ikkje er tillate
  • bidra til auka kunnskap hos verksemdene om regelverket og konsekvensane for miljøet av eiga drift
  • sikre lik praksis i handteringa av bransjen
  • finne ut om bransjen er blitt betre sidan førre tilsynsaksjon i 2012

 

14 av dei 17 kontrollerte pukkverka hadde ikkje den skriftlege internkontrollen i orden. Nokre hadde mangelfull skriftleg risikovurdering, mangelfulle skriftlege rutinar eller manglar i den skriftlege handteringa av avvik.

Internkontrollen er viktig for mellom anna å vise korleis verksemdene held miljøkrav. Pukkverka må gå gjennom internkontrollen jamleg for å sjekke at den fungerer som den skal. Den skal alltid haldast oppdatert.

I ei risikovurdering skal verksemdene kartleggje farar og problem, og vurdere risikoen på bakgrunn av dette. Dei må òg lage planar og tiltak for å redusere risikotilhøva. Dette skal vere skriftleg.

Uforsvarleg handtering av farleg avfall

Farleg avfal skal lagrast utilgjengeleg for uvedkommande og sikra mot ver og vind for å hindre fare for forureining og skade på menneske og dyr. Farleg avfall skal vere merka med innhald og det skal leverast til godkjent mottak for denne type avfall minst ein gong i året. Avfallet må også deklarerast på www.avfallsdeklarering.no ved levering.

Om lag 30 % av dei besøkte verksemdene handterte ikkje farleg avfall i samsvar med desse krava.

Mange måler ikkje utslepp

Pukkverk skal måle støy, nedfallsstøv og utslepp til vatn i samsvar med krava i kapittel 30 i forureiningsforskrifta. 11 av dei 17 verksemdene hadde manglar innan eit eller fleire av desse krava.

Meldeplikt til Fylkesmannen

Nye pukkverk og eksisterande pukkverk som vert endra eller utvida skal sende melding til Fylkesmannen. Meldeskjema ligg på nettsida vår under skjema og til høgre på denne sida.

Send informasjon til Fylkesmannen ved mottak av returmassar

Pukkverk som tek i mot returasfalt, returbetong eller andre liknande massar, kan trenge utsleppsløyve. Tidlegare har pukkverk kunne ta i mot rein returasfalt utan å søkje om løyve til det. No skal Fylkesmannen ha melding om mottak av alle typar returmassar. Vi vil så vurdere om verksemda må ha utsleppsløyve for aktiviteten. Verksemda vil vere ansvarleg for ei eventuell miljøskade som skjer ved mottak og lagring av massar som inneheld forureiningar og som ikkje vert handtert forsvarleg eller i samsvar med utsleppsløyve eller forskrift.

Sorterte returmassar krev særskilt løyve

Når verksemda tek imot returmassar som må reinsast, sorterast eller liknande, slik at det oppstår farleg avfall eller ein avfallsfraksjon som må leverast til avfallsmottak, må verksemda ha særkildt løyve til dette frå Fylkesmannen. Det same gjeld permanent lagring av returmassar på anlegget, inkludert massetippar.

Ny miljørettleiar for pukkverk

Miljødirektoratet har laga ein miljørettleiar for pukkverk. Den beskriv krava i forureiningsforskrifta kapittel 30 i detalj. Den er tilgjengeleg til høgre på denne sida.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.