Miljøtilsyn i 2020

I 2020 gjennomførte miljøavdelinga 51 tilsyn etter forureiningslova. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.04.2021

Tilsyn er eit høgt prioritert arbeidsområde hjå miljøavdelinga. Vi arbeider systematisk etter ein kontrollplan som vi set opp i starten av året, og supplerer med fleire tilsynsobjekt ved kapasitet. I 2020 gjennomførte vi 51 tilsyn. 

Tilsyn kan bli gjennomført etter klage eller tips

Vi utførte 27 frekvensbaserte tilsyn med verksemder som har løyve frå Statsforvaltaren eller er forskriftsregulerte. I tillegg hadde vi 10 tilsyn som følgje av ei spesiell hending, eller på grunnlag av klage eller tips om forureining. 

Nasjonalt koordinert tilsynsaksjon mot brannar i avfallsanlegg

I fjor deltok vi i ein nasjonalt koordinert tilsynsaksjon i regi av Miljødirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Vi gjennomførte 14 tilsyn i Vestland saman med lokalt brann- og redningsvesen  der hovudfokus var brannar i avfallsanlegg. Resultata frå aksjonen kan du lese meir om her. 

Tilsynsrapportar 

Alle tilsynsrapportar for verksemder med løyve etter forureiningslova vert gjort offentleg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.