Mange produsentar av fiskeolje og fiskemjøl bryt miljøregelverket

Vi har kontrollert produsentar av fiskemjøl og fiskeolje. Foto: Mostphotos Foto

Dette er første gongen denne bransjen har vorte kontrollert i ein landsomfattande aksjon. Til saman vart 21 verksemder frå Rogaland til Nordland kontrollerte i aksjonen. I Vestland har vi vore på tilsyn hos tre verksemder. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.11.2021

Om bransjen

Fiskeolje- og fiskemjølbransjen femner om verksemder som produserer fiskemjøl, fiskeolje og proteinkonsentrat frå fersk fisk, ensilasje og/eller avskjer frå fiskeforedlingsindustrien. Det er kvaliteten på råstoffet og produksjonsprosessane som avgjer om produkta kan gå til humant konsum eller inngå som råstoff i produksjon av dyrefôr. 

Bransjen vert ofte assosiert med lukt, støy, støv, utslepp til sjø og utslepp til luft frå forbrenningsanlegg og er gjenstand for ein god del naboklager.

Kva ynskte vi å oppnå?

Det overordna målet for aksjonen var at tilsyn, rettleiing og informasjon til verksemdene skal medverke til auka miljømedvit og etterleving av krava i forureiningslova og produktkontrollova. Det vil seie at tilsyna skulle:

  • Kontrollere korleis verksemdene etterlever krav i regelverk og utsleppsløyve
  • Sikre at brot på regelverket vert retta opp med føremålstenleg oppfølging av funna frå tilsyna
  • Vurdere om det er behov for vidare oppfølging av bransjen
  • Vurdere om det er behov for å oppdatere verksemdene sine utsleppsløyve

I forkant av aksjonen vart det utarbeidd retningslinjer som var felles for alle tilsyna (mandat for aksjonen, aksjonsnotat og sjekklister). Det vart også gjennomført eit prøvetilsyn i forkant av ein felles opplæringsdag for tilsynspersonellet. Slike felles verkemiddel er med på å sikre lik handsaming av tilsynsobjekta på tvers av fylkesgrensene.

Tema for aksjonen: 

  • Internkontroll
  • Utsleppstilhøve
  • Reinseanlegg
  • Lukt
  • Handtering av avfall
  • Handtering av kjemikal
  • Tanklagring av farlege kjemikal og farleg avfall
  • Forbrenning av reine brensel

Nasjonal tilsynsaksjon

Dette er første gongen denne bransjen har vorte kontrollert i ein landsomfattande aksjon. Til saman vart 21 verksemder fordelte på fem fylke langs kysten frå Rogaland til Nordland kontrollerte i aksjonen. I Vestland var vi på tilsyn hos tre verksemder.

Funn etter tilsyn

Oppsummeringa av funna frå alle tilsyna viser at mange verksemder har manglar knytte til internkontroll, nærare bestemt miljørisikovurdering og rutinar for t.d. handtering av avvik og drift av reinseanlegg. Ved tre av verksemdene vart det avdekka alvorlege brot på krava som gjeld arrangement for oppsamling av eventuell lekkasje frå tankar for lagring av farlege kjemikal og farleg avfall (jf. tanklagringsforskrifta). Det vart derimot nesten ikkje funne brot på krav som gjeld luktutslepp og handtering av avfall. Funna vi gjorde ved dei tre verksemdene vi hadde tilsyn med i Vestland, låg innanfor kategoriane som vart avdekka på nasjonalt nivå.

Oppfølging

Resultata viser at det er behov for å følgje opp bransjen i tida framover, både for å auke kunnskapsnivået om kva påvernad verksemdene har på miljøet, og plikta verksemdene har til å unngå eller avgrense denne påverknaden.

Statsforvaltarane vil følgje opp verksemdene ved å kontrollere at brot på regelverket vert utbetra. Dette gjer vi gjennom oppfølgjande tilsyn og oppdaterte utsleppsløyve.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.