Landsdekkande tilsynsaksjon med kommunen som miljømynde

Statsforvaltaren skal gjennomføre ein landsomfattande tilsynsaksjon med kommunen som miljømynde for avløp etter forureiningsforskrifta kapittel 12.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.09.2022

Statsforvaltaren i Vestland skal i september og oktober gjennomføre minst fem tilsyn med utvalde kommunar for å kontrollere korleis kommunen utfører si mynde etter kapittel 12 i forureiningsforskrifta.  

Tilsynsaksjonen er sett i verk av Miljødirektoratet og er felles for alle statsforvaltarembeta i landet. Vi har varsla fem kommunar om at vi kjem på tilsyn. Kommuneleiinga har blitt bedt om å delta, fordi hovudmålet med aksjonen er at dei skal ta ansvar for sitt mynde innan avløpssektoren.

Om aksjonen

Tilsynet skal omfatte kommunen si utøving av mynde etter kapittel 12 i forureiningsforskrifta. Dette gjeld krav til utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre reinseanlegg frå bustadhus, hytter og liknande, med utslepp mindre enn 50 personekvivalentar.

Vi skal kontrollere om kommunen handsamar søknader og gjennomfører tilsyn med utslepp av avløpsvatn. Vi skal òg kontrollere korleis kommunen legg planar og følgjer opp tilsyn.

Ein sentral del av aksjonen vil vere å informere om bruk av malar, som ligg på Miljødirektoratet sine nettsider, til bruk i saksbehandling og tilsynsoppgåver.

Tilsynsaksjonen vil gi informasjon om det er behov for betre rettleiing ovanfor kommunane, eller om det er behov for regelendringar.

Mål for aksjonen inkluderer å:

  • Få kunnskap om korleis kommunen utfører si oppgåve som forureiningsmyndigheit.
  • Rettleie kommunen om kva pliktar de har etter forureiningsforskrifta kapittel 12.
  • Bidra til at kommunen etterlever sine plikter etter kapittel 12.

Det skal førast tilsyn med kommunens følgjande plikter:

  • plikt til å føre tilsyn
  • plikt til å handsame søknadar
  • plikt til samordning
  • likt til å tømme avløpsslam

Lovgrunnlag

  • avløpsdirektivet
  • forureiningsforskrifta kapittel 11 og 12
  • forureiningslova § 48 a
  • kommunelova § 30-2

Oppsummering av resultat

Miljødirektoratet vil utarbeide ein rapport etter tilsynsaksjonen med ei oppsummering av resultat frå heile landet.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.