Invitasjon til nettkurs om fagsystemet Grunnforurensning

Fylkesmannen oppfordrar alle kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane til å ta kurs i Grunnforurensning. Kurset er gratis og tilgjengeleg for alle.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.10.2019

Resultat frå kommunetilsynet på forureina grunn i 2018-2019 syner at det framleis er fleire kommunar som manglar kunnskap om bruk av fagsystemet Grunnforurensning og som ikkje fylgjer opp plikta si etter krava i forureiningsforskrifta.

Vi oppfordrar difor at alle saksbehandlarar som arbeider med og har ansvar for forureina grunn i alle kommunane tek dette kurset. Kurset er i underkant av éin time langt.

Kurset er gratis og tilgjengeleg for alle via denne lenka fram til 19. desember 2019.

Om fagsystemet Grunnforurensning og kommunen si plikt

Grunnforurensning er eit fagsystem med informasjon om kvar det er mistanke om eller påvist forureining i grunnen i Noreg. I forureiningsforskrifta § 2-9 vert det stilt krav til kommunen sine registreringar i databasen:

Kommunen skal etter nærmere retningslinjer fra Miljødirektoratet sørge for rapportering av data til databasen Grunnforurensning som er etablert av Miljødirektoratet. Tiltakshaver skal gi kommunen opplysninger som er nødvendige for denne rapporteringa. Kommunen kan gi bestemmelser om krav til tiltakshavers rapportering.

Kommunen er altså pliktig til å registrere alle saker som er behandla etter kapittel 2 i forureiningsforskrifta i Grunnforurensning. Kommunen sit også på mykje lokalkunnskap om forureiningssituasjonen i eigen kommune. Vi oppfordrar difor også kommunane til å registrere område/eigedomar med mistanke om eller påvist forureining sjølv om forureininga ikkje knyter seg bestemt til ei kapittel 2-sak.

Dersom alle gjer plikta si med registrering, vedlikehald og oppdateringar i Grunnforurensning, vil fagsystemet i enda større grad enn i dag, fungere som ei god informasjonskjelde om forureining i grunnen. Dette er svært viktig informasjon for mellom anna grunneigarar, kjøparar og seljarar av eigedom.

Om de har andre spørsmål om forureina grunn lokalitetar eller treng hjelp til vurderingar eller avgrensingar, kan sakshandsamar ta kontakt med Gøsta Hagenlund på fmsfgh@fylkesmannen.no.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.