Handtering av brøytesnø

Snø som blir liggande kan innehalde forureining.
Snø som blir liggande kan innehalde forureining. Foto: Maria Knagenhjelm.

Snø som blir liggande på vegar kan innehalde partiklar, mikroplast, sand, grus, avfall, tungmetall og andre miljøgifter. Deponering og dumping av slik snø kan føre til forureining og kan derfor krevje løyve frå Statsforvaltaren.

Publisert 12.01.2022

Miljødirektoratet publiserte i november 2021 ein ny rettleiar om korleis kommunar og næringsaktørar skal handtere snø frå brøyting. Rettleiaren gjev mellom anna informasjon om når snø frå brøyting kan medføre forureining, når deponering av snø frå brøyting krev løyve etter forureiningslova og kva ein søknad skal innehalde.

Statsforvaltaren sine retningslinjer og forventningar til aktørar som driv brøyting og snøhandtering i Vestland fylke er gitt i Statsforvaltaren sitt brev av 12.mars 2021.

Sjå lenke til høgre på denne sida for Miljødirektoratet sin rettleiar og brevet frå Statsforvaltaren i Vestland.