Mange gode innlegg under Forureiningsveka 2023

Tirsdag 26. til torsdag 28. september arrangerte vi ein webinarserie om aktuelle tema innanfor forureiningsfeltet. Opptaka er tilgjengelege til og med 13. oktober 2023.

Publisert 28.09.2023

Vi vil takke alle som heldt innlegg og følgde webinarserien. Dersom du ikkje hadde høvet til å få med deg alle innlegga eller vil sjå dei på nytt så vil opptak frå webinarene vere tilgjengeleg til og med 13. oktober 2023.

Lenkjer til opptak frå dei ulike dagane:

Tysdag - Plan, miljøretta helsevern og forureining

Onsdag - Lukt og luktkartlegging

Torsdag - Erfaringsdeling frå kommunane

Det fullstendige programmet, saman med presentasjonane, finn du i margen til høgre her på sida. Vi legg ut presentasjonane fortløpande.

Evaluering

Vi vil gjerne ha tilbakemelding på gjennomføring av webinarserien, det faglege innhaldet og kva tema du ønskjer deg til neste forureiningsveke. Vi ber deg svare på sju spørsmål, og skjemaet tek 4 minutt å fylle ut. Vi håpar du tar deg tid til å svare. Evalueringsskjemaet kjem du til ved å trykke på denne lenka.

Hugs å trykk «Send» når du er ferdig. Det vil hjelpe oss i planlegginga til neste faglege samling.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.