Fleire brot på miljøregelverket blant undersøkte behandlingsanlegg for kasserte køyretøy

Ein landsdekkjande kontroll avdekte at mange behandlingsanlegg for kasserte køyretøy ikkje følgjer miljøkrava om forsvarleg behandling.

Publisert 05.03.2024

Mange brot på regelverket vart avdekte. Dette kan føre til forureining av miljøet og utslepp av klimagassar. Dei mest alvorlege brota er manglar i skriftlege rutinar, miljørisikovurderingar, manglande tett bunndekke og kompetanse om handtering av kjølegassar. Statsforvaltarane følgjer opp saka og sørgjer for at brota blir retta opp.

Anlegg over heile landet blei kontrollert

Behandlingsanlegg for kasserte køyretøy skal sikre forsvarleg behandling for å redusere avfall og forureining. I 2023 vart 63 anlegg i heile landet kontrollerte, blant dei 4 anlegg i Vestland. 

Inspeksjonsrapportane er offentleg tilgjengeleg via nettsida www.norskeutslipp.no

Strengare krav til handtering av kasserte elbilar er venta

Etter kvart som fleire elbilar blir kassert i Norge, er det viktig at behandlingsanlegga er godt førebudde på å handtere aukande mengder batteri. Dei må også etterleve strengare EU-krav som er på veg.

EUs batteriforordning, som blir innført i Norge gjennom ein ny batteriforskrift, stiller krav til sikkerheit og berekraft i heile verdikjeda for batteriar. Dette fører til strengare krav til handtering av batteri i behandlingsanlegga.

EU har òg foreslått eit nytt regelverk for kjøretøy med nye krav til behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy. Bransjen må gjere seg kjent med desse endringane og førebu seg på å følgje dei.

Bransjen må starte førebuingane no for å vere klar for dei nye krava. Dette er viktig for å sikre at kasserte elbilar blir handtert på ein miljøvennleg måte.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.