Fiskereglar utanfor vassdrag med laks og sjøaure er vedteke!

glad person held stor fisk
Fisketida etter anadrome laksefisk (laks og sjøaure) i fredingssonene i sjø vil i hovudsak følgje fisketida etter den aktuelle arten i vassdraget. Fisketid i vassdrag finn du i forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag. Foto: Tore Wiers / Norce LFI.

Vi har fastsett ny forskrift om fiske i fredingssoner i sjø, og om nedsenking av garn, i fylket vårt. Les meir her.

Publisert 18.03.2024

Ny forskrift

Dei nye fiskereglane for fiske etter anadrome laksefisk i sjø i Vestland, finn du i forskrift om fiske utanfor vassdrag med anadrom laksefisk og om nedsenking av garn, Vestland. 

Hovudtrekk frå dei nye fiskereglane 

Forskrifta regulerer fiske i sjø utanfor utløp til vassdrag med anadrome laksefisk, kraftverksutløp, og nedsenking av garn i sjø for heile Vestland. Føremålet med forskrifta er å gje anadrome laksefisk eit naudsynt vern mot risiko for overbeskatning i sjø, i fylket. 

  • Fisketida for laks og sjøaure i fredingssonene vil no følgje opning for fiske etter laks eller sjøaure i vassdraget. Fisketid for dei ulike vassdraga finn du i vedlegg I og II i forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag (FOR-2021-03-15-798).
  • Fiske etter saltvassfisk i munningsfredingsonene med stong, handsnøre, is eller båt i ro, er lov heile året.
  • For fiske frå båt i rørsle (dorging) med stong og handsnøre er dette lov når det er opna for fiske etter den aktuelle arten i vassdraget innanfor munningsfredingssona (laks eller sjøaure).
  • Yrkesfiskarar må halde reiskap som not, trål og snurrevad 500 meter unna elvemunninga.
  • Det er nedsenkingspåbod på garn, ruse, line og teine ned til minst 5 meter under havoverflata i munningsfredingssonene. Nedsenkingspåbodet gjeld heile året, og for alle maskestorleikar.
  • Utanfor munningsfredingssonene skal alle garn senkast ned til 3 meter under sjøoverflata, i perioden frå og med 1. mars til og med 30. september. Heile fangstdelen skal senkast ned. 

Sjå nærare detaljer under, og i vedlegg. 

Fiske i sjø utanfor vassdrag 

Fiskereglar i 100-metersone 

Utanfor vassdrag med laks og sjøaure er det ei 100-metersone som strekk seg frå grense «elv-sjø» og 100 meter ut i sjø. I denne sona er alt fiske forbode, men det er opna for fiske etter laks eller sjøaure når det er opna for fiske etter den aktuelle arten i vassdraget innanfor sona. Altso, skal du fiske etter til dømes sjøaure i 100-metersona, kan du berre fiske etter sjøaure når det er ope for sjøaurefiske i det aktuelle vassdraget. Kvotereglar i vassdraget gjeld òg i 100-metersona. Dette er ein nasjonal regel som gjeld utanfor alle vassdrag med årssikker vassføring der det er anadrom laksefisk.  

Fiskereglar i munningsfredingssonene 

Munningsfredingssonene utanfor 100-metersona er ei fredingssone som er oppretta for å gi laksefisk eit naudsynt vern, til dømes ved høgt lusetrykk i fjorden, eller når laksefisk står i brakkvassona i påvente av nok vassføring i elva til å vandre opp. I munningsfredingssona er alt fiske etter anadrom laksefisk og saltvassfisk forbode, men det er opna for unntak: 

  • Du kan fiske etter laks og sjøaure med stong og handsnøre frå land, is og båt når det er ope for fiske i vassdraget innanfor munningsfredingssona. Fisketida i sjø følgjer fisketida til den aktuelle arten du fiskar etter. Er det fleire vassdrag i munningsfredingssona følgjer fisketida i sjø det strengast regulerte vassdraget. Til dømes: er det stengt for sjøaure i eit vassdrag kan du ikkje fiske etter sjøaure, eller er fisketida kortare i det eine vassdraget er det den du skal følgje.  
  • Du kan fiske etter saltvassfisk med stong og handsnøre frå land, is og båt i ro, heile året i munningsfredingssona.  
  • Du kan dorge (ha båten i rørsle når du fiskar) i perioden vassdraget er ope for fiske. Fiske etter laks og sjøaure følgjer fisketida til den aktuelle arten i vassdraget. I munningsfredingssoner som omfattar fleire vassdrag følgjer fisketida det strengast regulerte vassdraget. 
  • Yrkesfiskarar kan fiske etter saltvassfisk med not, snurrevad og trål, når reiskapen vert brukt av fiskarar som er oppførte i fiskarmanntalet og har registrerte fartøy, men aldri nærare grensa mellom elv og sjø (elvemunning) enn 500 meter. Det er ikkje ope for dette i munningsfredingssonene utanfor Daleelva i Vaksdal kommune og Vossovassdraget i Voss herad. 
  • Du kan fiske med garn, ruse, line og teine etter saltvassfisk, når heile fangstdelen til ei kvar tid står minst 5 meter under havoverflata. Nedsenkingspåbodet gjeld heile året og for alle maskestorleikar. Det er eigne reglar for garnfiske utanfor Daleelva, Vossovassdraget og Bolstadstraumen, sjå lenger ned i nettsaka.  

Ein må alltid ta omsyn til 100-metersona når ein oppheld seg i munningsfredingssona. Reiskap og båt skal til ei kvar tid vere minst 100 meter frå grensa mellom elv og sjø (elvemunninga).  

Eksempel på munningsfredingssone. Her utanfor Lærdalsvassdraget i Lærdal kommune. Grense for munningsfredingssonene finn du i fylkesatlas.no under temalaga «natur-fiskeforvaltning-munningsfredningssone». Munningsfredingssoner er òg lista opp i vedlegg 1 i vedteken forskrift. Kjelde: https://www.fylkesatlas.no/. Foto: https://www.fylkesatlas.no/.

Garnfiske utanfor Daleelva, Vossovassdraget og i Bolstadstraumen 

Det er ikkje opna for garnfiske i munningsfredingssona utanfor Daleelva i Vaksdal kommune.  

I munningsfredingssona utanfor Vossovassdraget er garnfiske berre tillate i den delen av sona som ligg nedstraums hengjebrua mellom Kullshammar og Stamnesfeti. Heile fangstdelen skal senkast ned til 15. meters djupne frå og med 1. mai til og med 31. august, og ned til fem meters djupne resten av året. Nedsenkingspåbodet gjeld alle maskevidder.  

I Bolstadstraumen, i munningsfredingssona utanfor Vossovassdraget, er det likevel forbod mot alt fiske i området frå 40 meter nedstraums Straume bru til laksegilja oppstraums Straume bru, frå og med 15. mai til og med 30. september (resten av året gjeld dei reglane som er nemnde ovanfor og i forskrifta). 

Nedsenking av garn utanfor munningsfredingssonene  

Alle garn, uansett storleik på maskevidde, skal i perioden frå og med 1. mars til og med 30. september senkast slik at heile fangstdelen står minst 3 meter under havoverflata til ei kvar tid. Påbodet gjeld ikkje for reiskap som under utøving av yrkesfiske er oppførte i fiskarmanntalet (sjå nærare detaljar i forskrifta).  

Fiskeforbod utanfor kraftverksutløp i sjø 

Det er fiskeforbod i ei 100-meterssone utanfor Kraftverk 5 i Høyangsfjorden i Høyanger kommune. I tillegg er det fiskeforbod utanfor kraftverka Svelgen I og II i Svelgen (sjå nærare beskriving i forskrift).  

Utanfor kraftverksutløp som munnar ut i ei munningsfredingssone gjeld fisketida for munningsfredingssona. Dersom kraftverksutløpet ikkje munnar ut i munningsfredingssone er det tillate å fiske etter laksefisk og saltvassfisk ved kraftverksutløp heile året.  

Sjå fiskereglar til høgre i denne nettsaka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.