Høyring av forslag om nye fisketider for laks og sjøaure frå 2021

Forslag til nye fisketider for laks og sjøaure i vassdrag og sjø er no sendt på høyring. Frist for å komme med innspel er 6. september 2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.06.2020

For at det skal vere lov å fiske laks og sjøaure i vassdrag, må det vere opna for det i  forskrift. Det same gjeld for fiske etter laksefisk med fastståande reiskap i sjø. Kvart 4. - 5. år vert forskriftene for fiske i vassdrag og sjø revidert. 

Nye fisketider frå 2021

Miljødirektoratet har sendt forslaget til nye forskrifter for fiske etter laks og sjøaure i vassdrag og sjø på høyring. I forslaget er det lagt opp til ein del endringar av fisketidene i Vestland, som t.d.

  • Stenge vassdrag med manglande rapportering (over 90 vassdrag).
  • Stenge vassdrag med mangelfull organisering (1 vassdrag).
  • Utvide fisketida på laks i vassdrag utan eiga laksestamme (3 vassdrag).
  • Stenge eller redusere fisketida i vassdrag av omsyn til bestandsstatus laks og/eller sjøaure (26 vassdrag).
  • Stenge sjølaksefiske på kysten av Sogn og Fjordane.
  • Stenge utvida laksefiske i sjø.

Dei nye forskriftene vil gjelde frå 2021. Vi ber om innspel på forslaga til nye forskrifter for fiske i sjø og vassdrag, frist for å komme med innspel er 6. september. Høyringsdokumenta finn du på høyringsnettsida til Miljødirektoratet, her skal òg innspel som ikkje gjeld eit enkelt vassdrag eller fylke leggast inn. Lokale og regionale innspel skal du sende til Fylkesmannen.

Fiske i 2020

Miljødirektoratet har vedtatt ei endring i forskrift om fiske etter laksefisk i vassdrag i Vestland; Flåmselvi er i år stengt i forskrifta. Vassdraget har lenge vore stengt lokalt grunna bestandssituasjonen. Med denne forskriftsendringa følgjer det at munningssona i sjø òg er stengt for fiske etter laks og sjøaure.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.