Innlandsfiske

Innlandsfiske i innsjø og vassdrag

Fiskekort

Før fiske startar må du kjøpe fiskekort eller innhente løyve hos fiskerettshavaren.

Barn som ikkje har fylt 16 år har rett til gratis fiskekort for å fiske med stang i perioden 1. januar til 20. august i dei delar av vassdrag der det ikkje går laks eller sjøaure. I den same tida har dei rett til gratis fiske med stang utan løyve frå grunneigar i vassdrag der ein ikkje sel fiskekort.

Reiskap og fisketid

Det er ingen generelle reglar om reiskap eller fisketid for fiske etter innlandsfisk. Det er likevel ikkje tillate å bruke gift, sprengstoff, elektrisk straum, skytevåpen, lyster eller liknande reiskap, eller kunstig lys. Fiske etter innlandsfisk i Sævareidvassdraget i Fusa kommune og i Jølstravatnet i Jølster kommune er regulert i forskrift, sjå

Det er berre lov å fiske etter haustbare artar i norske vassdrag, jf. innlandsfiskeforskrifta § 2. Ål er lista som ein truga art i Norsk Rødliste, dvs. det er forbode å fiske etter ål.

Forbode å bruke fisk som levande agn

Det er forbode å bruke fisk som levande agn i vassdrag i Noreg. Forbodet er for å hindre spreiing av uønska fiskeartar, og av dyrevernmessige omsyn. Dersom du oppdagar at fiskarar brukar levande fisk som agn, bør du melde det til Politiet eller Statens naturoppsyn.

Vassdrag med laks eller sjøaure

Fiske etter innlandsfisk i elvar der det òg går opp laks eller sjøaure føl dei same reglane som gjeld for fangst av laks eller sjøaure. Reglar for fiske av innlandsfisk i innsjøar med anadrome laksefisk i Hordaland og Sogn og Fjordane er definert i eigne forskrifter, sjå

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner