Fangst av laks og sjøaure i 2022

I sesongen 2022 vart det fiska totalt 35 701 kg laks og 5 138 kg sjøaure, i elv og sjø i Vestland. Av dette var 2 782 kg laksefisk tatt i sjølaksefisket.

Publisert 05.04.2023

Laks

Stolpediagram som viser fangst av laks i sjø og vassdrag i Vestland i perioden 1983 - 2022. Fordelt på regionane Hordaland og Sogn og Fjordane.
Laksefiske i Vestland i elv og sjø i perioden 1983 - 2022. Utsett laks er inkludert. Sjølaksefisket vart avslutta i Hordaland i 2004. I fangsttala frå elvefisket er rømt laks inkludert. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Det aller meste av laksen fiska i fylket, vart fiska i Sogn og Fjordane. Av totalt  35 701 kg laks, var 8 236 kg (2 065 stk) fiska i elvane i Hordaland. Resten vart tatt i elv og sjø i Sogn og Fjordane (5 889 stk).

I elvefisket vart 32 % av laksen sett ut att (2 328 stk).

Flest kilo laks vart fiska i Hornindalsvassdraget, med over tre tonn (3 433 kg). 

Stolpediagram som viser fangst av laks i vassdrag i Hordaland i perioden 1972 - 2022. Frå 2009 er utsatt fisk inkludert i tala.
Fangst av laks i elvane i Hordaland i perioden 1972 - 2022. Fangsttala inkluderer rømt oppdrettslaks tatt i elvane i løpet av fiskesesongen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.
Stolpediagram som viser fangst av laks i vassdrag i Sogn og Fjordane i perioden 1969 - 2022. Utsatt fisk er inkludert.
Fangst av laks i elvane i Sogn og Fjordane i perioden 1969 – 2022. Fangsttala inkluderer rømt laks tatt i elvane i fiskesesongen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Sjøaure

Stolpediagram som viser fangst av sjøaure i vassdraga i Vestland i perioden 1972 - 2022. Fordelt på regionane Hordaland og Sogn og Fjordane.
Sjøaurefiske i Vestland i perioden 1972 - 2022. Gjenutsett fisk er inkludert i figuren. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

3 489 sjøaure vart fanga i vassdraga i Vestland i 2022. Av desse vart litt over halvparten sett ut att (1 839 stk). 

Målt i vekt vart det fiska mest sjøaure i Lærdalselva, med totalt 625 kilo (286 stk). Heile 92,7 % av all fanga sjøaure i Lærdalselva vart sett ut att. 

Stolpediagram som viser fangst av sjøaure i Hordaland i perioden 1972 - 2022. Frå 2009 er utsatt fisk inkludert i tala.
Fangst av sjøaure i vassdraga i Hordaland i perioden 1972-2022. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.
Stolpediagram som viser fangst av sjøaure i Sogn og Fjordane i peropden 1969 - 2022. Frå 2009 er tala på utsett fisk inkludert.
Fangst av sjøaure i elvar i Sogn og Fjordane i perioden 1969 - 2022. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

For meir informasjon om fangstane i fisket etter laksefisk i elv og sjø i 2022, sjå Statistisk informasjonsbyrå og vedlegga.

Pukkellaks

Ein pukkellaks vart fanga og avliva i 2022. Det er oddetalsgenerasjon av pukkellaks som er talrik i Noreg, men med førekomst av partalsgeneresjonen. Vi forventar difor meir pukkellaks i fangstane i 2023. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.