Fangst av laks og sjøaure i 2021

I 2021 vart om lag 30 % av all laks som vart fiska i vassdrag i Vestland sett ut att.
I 2021 vart om lag 30 % av all laks som vart fiska i vassdrag i Vestland sett ut att. Foto: Tore Wiers, NORCE LFI.

I sesongen 2021 vart det fiska totalt 20 346 kg laks og 5 210 kg sjøaure, i elv og sjø i Vestland fylke. Av dette vart totalt 3 787 kg laksefisk tatt i sjølaksefisket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.02.2022

I 2021 var det fleire faktorar som kan ha påverka fiskesesongen, som lite nedbør sommar og tidleg haust, noko som resulterte i at laksefisken stod lenge i elvemunningane i påvente av nok vatn til å vandre opp i vassdraga. Det var difor sein oppgang av laksefisk i fleire vassdrag. 

I Hordaland innførte vi fisketid på laks og sjøaure i alle munningsfredingssoner i regionen, grunna til dels særs høge nivå av lakselus på sjøaure. Og i Nordfjord innførte Miljødirektoratet ei forskrift om ekstraordinære reguleringstiltak i 2021, og reduserte fisketidene i vassdrag og sjø med to veker grunna lite laks i vassdraga.

Sjøaure

Fangsten av sjøaure i Vestland var blant dei lågaste som har vore registrert sidan 1972, og under gjennomsnittet (6 834 kg) for perioden 2008-2021, då fangstane har vore jamt låge (figur 1). For kvar region, Hordaland og Sogn og Fjordane, vart fangstane òg blant dei lågaste som har vore registrert  (figur 2 og 3).

Figur 1. Sjøaurefiske i Vestland i perioden 1972 - 2021. Gjenutsett fisk er inkludert i figuren.
Figur 1. Sjøaurefiske i Vestland i perioden 1972 - 2021. Gjenutsett fisk er inkludert i figuren. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Over halvparten av sjøauren som vart fiska i vassdraga i Vestland i 2021 vart sett ut att (60 prosent, 2103 av 3509 stk.) (figur 1).

Det vart fiska meir sjøaure i vassdrag i Sogn og Fjordane (3 412 kg) enn i Hordaland (1 793 kg) (figur 1). Det vart i tillegg tatt 5 kg sjøaure i sjølaksefisket i Dalsfjorden/deler av Nordfjord.

Det vart fiska klart mest sjøaure i Lærdalselva i Lærdal kommune, med totalt 1208 kg. Nesten all sjøaure som vart fiska her vart sett ut att (92 prosent, 570 av 618 stk.) 

Figur 2. Fangst av sjøaure i elvar i region Hordaland i perioden 1993 - 2021.
Figur 2. Fangst av sjøaure i elvar i region Hordaland i perioden 1993 - 2021. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.
Figur 3. Fangst av sjøaure i elvar i Sogn og Fjordane i perioden 1969 - 2021.
Figur 3. Fangst av sjøaure i elvar i Sogn og Fjordane i perioden 1969 - 2021. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Laks

Fangsten av laks i Vestland i 2021 er den lågaste som har vore registrert sidan 1983 (figur 4). Lågt innsig av laks i 2021 kan forklare noko av den låge fangsten, i tillegg var store laksevassdrag som Lærdalselva og Jølstra stengt for laksefiske. 

Figur 4. Laksefiske i Vestland i elv og sjø, perioden 1983 - 2021. Utsett laks er inkludert. Sjølaksefiske vart avslutta i Hordaland i 2004. I fangstala frå elvefiske er rømt laks inkludert.
Figur 4. Laksefiske i Vestland i elv og sjø, perioden 1983 - 2021. Utsett laks er inkludert. Sjølaksefiske vart avslutta i Hordaland i 2004. I fangstala frå elvefiske er rømt laks inkludert. Foto: Statsforvaltaren i Vestland..

Av all laks fiska i fylket i 2021, vart 17 005 kg fiska i Sogn og Fjordane. Til samanlikning vart det fiska 3 341 kg laks i Hordaland (figur 4). Det var berre opna for sjølaksefiske i Dalsfjorden og delar av Nordfjord i 2021.

Om lag 30 prosent av laks som vart fiska i vassdraga i 2021 vart sett ut att (1285 stk av 3919 stk). I Hordaland vart berre ein liten del av laksen utsett, i Sogn og Fjordane vart om lag 40 prosent av laksen sett ut att (figur 5 og 6).

Fangst av laks i elvar i Hordaland i 2021 var det lågaste som er registrert sidan 1988 (figur 5). For Sogn og Fjordane var fangstane på nivå med 2000-talet (snitt på 18 818 kg), og fangsten var langt under gjennomsnittet for dei siste ti åra (snitt på 28 781 kg) (figur 6).

Figur 5. Fangst av laks i elvane i Hordaland i perioden 1972 – 2021. Både avliva og utsett laks er inkludert. Fangsttala inkluderer rømt oppdrettslaks tatt i elvane i løpet av fiskesesongen. I 2004 vart sjølaksefisket i Hordaland avslutta.
Figur 5. Fangst av laks i elvane i Hordaland i perioden 1972 – 2021. Både avliva og utsett laks er inkludert. Fangsttala inkluderer rømt oppdrettslaks tatt i elvane i løpet av fiskesesongen. I 2004 vart sjølaksefisket i Hordaland avslutta. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.
Figur 6. Fangst av laks i elvane i Sogn og Fjordane i perioden 1969 – 2021 for avliva og utsett laks. Fangsttala inkluderer rømt laks tatt i elvane i fiskesesongen. Laks tatt i sjølaksefisket kjem i tillegg.
Figur 6. Fangst av laks i elvane i Sogn og Fjordane i perioden 1969 – 2021 for avliva og utsett laks. Fangsttala inkluderer rømt laks tatt i elvane i fiskesesongen. Laks tatt i sjølaksefisket kjem i tillegg. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Flest kilo laks vart fiska i Etneelva i Etne kommune, med totalt 1479 kg laks. Av laks som vart fanga i Etneelva vart 13 prosent sett ut att (187 av 1479 laks). 

For meir informasjon om fangsten i fisket etter laksefisk i elv og sjø i 2021, sjå Statistisk sentralbyrå og vedlegga til høgre.

Pukkellaks

Totalt 363 kg pukkellaks vart fiska i Vestland i 2021. I elvefisket vart det rapportert om fangst av totalt 284 pukkellaks i vassdraga, 142 stk i kvar region. Det vart fanga mest pukkellaks i Hornindalsvassdraget (43 stk.), Guddalselva (36 stk.) og Gaula (35 stk.). I tillegg til fangst av pukkellaks i ordinær fiskesesong i vassdraga, var det òg gjennomført uttak av pukkellaks med harpun, nót og øydelegging av pukkellaksgytegropar i fleire vassdrag. I sjø vart det fanga 70 kg pukkellaks.

I Noreg er oddetalsstamma av pukkellaks mest talrik, men det er òg førekomst av pukkellaks i partalsår. Det har i hovudsak vore pukkellaks frå oddetalsgenerasjonane som har vore representert i Vestland, og vi forventar ein del pukkellaks i vassdraga igjen i 2023.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.