Rettleiing til nye reglar om utforming og drift av kunstgrasbaner

Gummigranulat frå kunstgrasbane.
Gummigranulat frå kunstgrasbane. Foto: Maria Knagenhjelm / Statsforvaltaren i Vestland.

Miljødirektoratet har laga ein rettleiiar om utforming og drift av kunstgrasbaner. Dei som har ansvar for slike baner kan i den nye rettleiaren få oversikt over kva for krav som gjeld for idrettsbaner med gummigranulat eller andre former for laust fyllmateriale med plast.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.11.2021

Regelverk

I juli 2021 kom det nye reglar for drift av kunstgrasbaner i forureiningsforskrifta kapittel 23A. Det er sett krav til utforminga og drifta av idrettsbaner for å få ned utslepp av gummigranulat og anna fyllmateriale med plast til miljøet. Forskrifta gjeld for både innandørs og utandørs baner med idretts- eller fritidsaktivitetar.

Forureiningsforskrifta kapittel 23A om drift og utforming av kunstgrasbaner. 

Rettleing

Miljødirektoratet har laga ein rettleiar mynta på idrettslag, kommunar og andre som eig, driv og vedlikeheld idrettsbaner. Rettleiaren gir oversikt over innhaldet i krava, kven som har ansvaret for å følgje opp, og kva fristar som gjeld. Statsforvaltaren skal føre tilsyn med og handsame søknader om unntak frå forskrifta.

Rettleiar for drift og utforming av kunstgrasbaner. 

Miljødirektoratet har ei eiga temaside om gummigranulat. Denne samlar meir informasjon som gjeld m.a. avfallsbehandling, plastutslepp og miljøgifter knytt til gummigranulat og kunstgrasbaner.

Lenke til side med informasjon om korleis ein handterar gummigranulat frå kunstgrasbaner. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.