Mykje elektrisk og elektronisk avfall blir ikkje sortert ut og handsama korrekt

I slike bur skal EE-avfallet leggast på kommunale gjenvinningsstasjonar.
I slike bur skal EE-avfallet leggast på kommunale gjenvinningsstasjonar. Foto: ØRAS / ØRAS.

Vi har kontrollert seks verksemder som driv med mottak og handtering av EE-avfall. Handteringa av EE-avfall må forbetrast i alle ledd.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.03.2022

Tilsynsaksjon for å hindre at miljø- og helseskadelege stoff forureinar

Aksjonen er ein del av arbeidet for å hindre at EE-avfall blir handtert ulovleg og kjem på avvegar. Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) som ikkje blir handtert forsvarleg, kan føre til at miljø- og helsefarlege stoff lekk ut og forureinar naturen. Tilsynsaksjonen var initiert av Miljødirektoratet og var felles for alle statsforvaltarembeta i landet. 

EE-avfall skal leverast til anlegg med løyve til å ta imot denne type avfall eller til kommunale mottaksanlegg. I aksjonen blei det ført tilsyn med korleis slike anlegg handterer avfallet som dei mottar.

Privatpersonar legg EE-avfall i feil container på miljøstasjonar

Funna frå tilsyna tyder på at mange privatpersonar legg EE-avfall i metallcontaineren på miljøstasjonar og ikkje i bur/containerar for EE-avfall. Det er arbeidskrevjande å finne igjen og sortere ut alt EE-avfallet når det først er blanda saman med anna avfall.

Mottaksanlegga har ikkje gode nok rutiner for å gå gjennom avfallet, og har ikkje meldt tilbake til kommunane/dei interkommunale selskapa om at det er mykje EE-avfall i metallet og at det må gjerast noko for å betre sorteringa på miljøstasjonane.

EE-avfall kan innehalde komponentar med farlege stoff som utan forsvarleg handtering og behandling kan bidra til å forureine miljøet. Det er derfor viktig at slikt EE-avfall blir sortert ut og behandla separat, slik at farlige stoffer behandlast på en trygg måte før resten av avfallet går til materialgjenvinning.

Eksempel på EE-avfall som privatpersonar har kasta i metallavfall på ein kommunal gjenvinningsstasjon. Ei slik feilsortering gir høg risiko for at EE-avfallet seinare ikkje får ei forsvarleg handtering.
Eksempel på EE-avfall som privatpersonar har kasta i metallavfall på ein kommunal gjenvinningsstasjon. Ei slik feilsortering gir høg risiko for at EE-avfallet seinare ikkje får ei forsvarleg handtering. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Manglande utsortering av EE-avfall

Vi fant i våre tilsyn at mange anlegg ikkje sorterer ut for eksempel transformatorar, elektromotor, el-syklar, el-rullestolar, dreiebenk og større gjenstandar som elektriske garasjeportar.

Manglar i rutiner for miljøsanering

Tilsyna viste at anlegga ikkje har gode nok rutiner for miljøsanering. Dette gjer at ikkje alle farlege komponentar i EE-avfallet blir plukka ut før materialgjenvinning.

EE-avfall som ikkje er tilstrekkeleg miljøsanert før det blir fragmentert.
EE-avfall som ikkje er tilstrekkeleg miljøsanert før det blir fragmentert. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Vegen vidare 

Statsforvaltaren vil følgje opp anlegga ved å kontrollere at brot på lovverket blir retta opp.

Tilsynsrapportane er tilgjengelege på www.norskeutslipp.no 

Resultata frå den landsdekkande aksjonen er presentert i Miljødirektoratet sin rapport M-2216 i 2022, sjå lenke til høgre på sida.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.