Krav i forureiningslova til mottak, lagring og knusing av returasfalt

Anlegg som tek imot returasfalt for lagring eller behandling vert rekna som eit avfallsanlegg. Ved god drift fører slike anlegg normalt ikkje til forureining eller er skjemmande, og treng ikkje løyve etter forureiningslova.
Sørg for at anlegget ikkje fører til forureining eller er skjemmande
Dersom ei verksemd som tar imot returasfalt frå andre kan dokumentere at handteringa ikkje fører til forureining eller er skjemmande, kan mottak, mellomlagring og behandling gå føre seg utan løyve etter forureiningslova. Anlegg utan løyve kan ikkje ta imot asfalt med tjøre.
God mottakskontroll er viktig
For at anlegget skal vere sikre på at dei ikkje tar imot asfalt med tjøre eller andre avfallsfraksjonar, er det viktig med god mottakskontroll. Rettleiing om mottakskontroll er omtalt i Miljødirektoratet sin miljørettleiar for pukkverk (M-1136/2018) kapittel 4.4. og miljørettleiar for asfaltverk (M-934/2018) kapittel 4.5.
I utgangspunktet er det leverandøren av returasfalt som må dokumentere at returasfalten er fri for tjøre eller andre farlege forureiningar. Mottakskontrollen skal likevel dokumenterast i internkontroll ved mottaket.
Ved mottak skal følgjande registrerast og loggførast:
- Dato og tidspunkt for mottak
- Mengde returasfalt (veid eller anslått)
- Opplysning om stad der returasfalten kjem frå (gate, veg, parsell mv.)
- Opplysning om type returasfalt (fresemasse, flakmasse, granulat) og alder
- Dersom asfaltmassen er gamal (før 1970) og inneheld penetrert pukk, impregnert grus eller overflatebehandling skal det takast tjøreprøve.
- Dersom det vert påvist tjøre eller annan forureining, må returasfalten avvisast, eventuelt lagrast mellombels på eigna separat plass.
Ikkje bygg opp stor lagre med returasfalt
Returasfalt bør gjenvinnast så snart som mogleg etter mottak. Det kan mellomlagrast i påvente av gjenvinning i inntil tre år, dersom dette ikkje fører til fare for forureining. Verksemda må sørge for at dei ikkje bygger opp store returasfaltlagre over tid (meir enn tre år), slik at dei ikkje treng løyve etter avfallsforskrifta kap. 9 Deponering av avfall.
Anlegg som fører til fare for forureining eller som er skjemmande må ha løyve etter forureiningslova
Etter forureiningslova § 29 må den som driv opplagsplass eller anlegg for behandling av avfall som kan føre til forureining eller vere skjemmande, ha løyve frå Statsforvaltaren. Ved god drift i tråd med rettleiing vil anlegg for mottak av returasfalt normalt ikkje føre til forureining eller vere skjemmande, og dermed ikkje trenge løyve.
Verksemder som har sendt søknad om løyve
Verksemder som har sendt søknad til Statsforvaltaren om løyve til mottak av returasfalt, og som ikkje treng løyve, vil få tilbakemelding frå Statsforvaltaren.
Anlegg som har eldre løyve
Verksemder med eldre løyve til mottak av returasfalt kan inntil vidare drive basert på eksisterande løyve.
Meldeplikt dersom returasfalt vert handtert ved pukkverk og asfaltverk
Pukkverk og asfaltverk skal før oppstart og ved endring av produksjonen sende inn meldeskjema til Statsforvaltaren. Mottak, mellomlagring og behandling av returasfalt er døme på endring i drifta som skal meldast til Statsforvaltaren.
Du finn meldeskjema her:
Fare for forureining frå returasfalt
Returasfalt er asfalt som er blitt gravd opp eller frest, eller er overskot frå produksjon og utlegging av asfalt. Brukt asfalt inneheld ca. 95 % steinmaterial og ca. 5 % bindemiddel. Som bindemiddel er det i dag mest vanleg å bruke bitumen, som inneheld små mengder polysykliske aromatiske hydrokarbonar (PAH). PAH er ei gruppe organiske miljøgifter. Før 1965 vart det brukt tjøre til asfaltproduksjon, og denne asfalten har derfor eit vesentleg høgare innhald av PAH. Returasfalt kan også innehalde noko forureining frå vegtrafikk, som til dømes sink frå dekkslitasje.
Utlekkingspotensialet frå returasfalt vert rekna som lite. PAH er lite løyseleg i vatn og det er svært låge nivå av PAH i asfalt produsert etter 1970.
Ikkje all disponering av returasfalt ut frå anlegget er lovleg
Returasfalt er næringsavfall som skal leverast til lovleg avfallsanlegg med mindre det vert gjenvunne jf. forureiningslova § 32. Returasfalt kan gjenvinnast ved at det erstattar andre innsatsstoff i asfaltproduksjonen.
Definisjonen på gjenvinning er at material kjem til nytte og erstattar andre material som uansett ville blitt brukt. Dette betyr at rein dumping av returasfalt på eigna stadar ikkje er gjenvinning, sjølv om grunneigar har gitt lov til dette.
På same måte er det ikkje gjenvinning dersom returasfalt vert brukt til eit føremål som elles ikkje vil blitt gjennomført med andre material. Slik disponering krev at det vert søkt om løyve, og løyve kan berre innvilgast i særlege tilfelle dersom gjenvinninga inneber ein openberr samfunnsnytte.
Verksemda har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at returasfalt ut frå anlegget ikkje vert disponert på ein måte som bryt med krav i forureiningslova.
Både den som leverer returasfalt til gjenvinning og den som mottar avfallet er ansvarleg for å sikre at den vidare handteringa skjer etter krava i forureiningsregelverket. Begge partar kan derfor haldast ansvarlege ved brot på forbodet mot forureining ved gjenvinning av avfall.
Statsforvaltaren kan føre tilsyn med ditt anlegg
Statsforvaltaren gjennomfører jamnleg tilsyn med avfallsanlegg etter forureiningsregelverket, der vi kontrollerer at krava i forureiningsregelverket vert følgt og at verksemdene har eit internkontrollsystem i tråd med krava i internkontrollforskrifta. Verksemdene må fortløpande vurdere risikoen for utslepp til ytre miljø (miljørisikovurdering), slik at tiltak kan settast i verk for å unngå negative konsekvensar for miljøet.
For at anlegget skal vere lovleg må det også vere i tråd med anna miljøregelverk
Avfallsanlegget må også følgje anna relevant miljøregelverk.
Mottak, mellomlagring og behandling av returmassar kan ikkje starte opp utan at aktiviteten er i samsvar med endelege planar etter plan- og bygningslova.
Handtering av farleg avfall er regulert i avfallsforskrifta kapittel 11. Farleg avfall frå anlegget skal leverast minst ein gong per år til godkjent avfallsmottak med løyve etter forureiningslova. Plikten inntrer når den totale mengden overstiger 1 kg. Alt farleg avfall skal deklarerast i www.avfallsdeklarering.no.