Korleis sikre godt nok kunnskapsgrunnlag i akvakultursaker?

God kunnskap om marint naturmangfald gir ei fagleg trygg og meir effektiv sakshandsaming i akvakultursaker. Slik sparar vi tid både for søkjar og byråkratiet.
God kunnskap om marint naturmangfald gir ei fagleg trygg og meir effektiv sakshandsaming i akvakultursaker. Slik sparar vi tid både for søkjar og byråkratiet. Foto: Erling Svensen.

I akvakultursaker må vi ha meir kunnskap om artar og naturtypar. Vi har laga ei oppskrift på korleis ein kartlegg marint naturmangfald i samband med søknader om etablering eller endring av anlegg.

Publisert 18.10.2022

Korleis kan oppdrettarar og konsulentar gå fram for å sikre at Statsforvaltaren får eit godt nok kunnskapsgrunnlag i akvakultursaker? For å vurdere søknader med omsyn til verknader på sårbart marint naturmangfald må det bli gjennomført både innsamling av eksisterande kunnskap og kanskje også nye kartleggingar. 

Mens vi ventar på ein nasjonal rettleiar, har vi laga ein lokal

Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet arbeider med nasjonal rettleiing om dette temaet. Medan vi ventar på at denne skal bli ferdig, har Statsforvaltaren og Vestland fylkeskommune i samarbeid laga ei førebels rettleiing.

Denne skal kunne svare på nokre av spørsmåla vi får, som til dømes om kva nivå av kartlegging ein skal legge seg på, kva metodikk som skal nyttast, og korleis funna skal rapporterast.

Under følgjer ei enkel rettleiing om naturtypekartlegging av sårbare artar og naturtypar. Denne gjeld inntil rettleiar kjem frå Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet. 

 

Visste du at det kan leve opp til 10 000 ulike organismar på ein enkelt tarestilk? Tareskogen er eit tredimensjonalt oppvekstområde for ei rekkje marine artar, og eitt av klodens mest produktive økosystem. Stortareskog er ein eigen naturtype.
Visste du at det kan leve opp til 10 000 ulike organismar på ein enkelt tarestilk? Tareskogen er eit tredimensjonalt oppvekstområde for ei rekkje marine artar, og eitt av klodens mest produktive økosystem. Stortareskog er ein eigen naturtype. Foto: Espen Rekdal .

Vi legg eit fagleg kunnskapsgrunnlag til grunn i vurderinga

Havforskingsinstituttet har laga eit fagleg kunnskapsgrunnlag om naturtypekartlegging rundt oppdrettsanlegg. Denne ligg til grunn for kartleggingsarbeidet, og såleis i den vidare vurderinga vi må gjere i saksbehandlinga. Sjå lenkene under, eller til høgre på denne sida. 

Steg 1: risikovurdering

Risikovurderinga skal vurdere kor ein potensielt kan finne sårbare arter som til dømes korallar, ålegras og svampsamfunn. Er det potensiale for å finne disse i influensområdet til eit akvakulturanlegg, i ein avstand på minst 1000 meter ut frå anlegget sine ytterkantar?

Det er mest relevant å undersøke området nedstrøms frå anleggsplasseringa, men i mange tilfelle vil det vere fleire hovudstraumretningar. Ein må då ha data om botntopografi og straumtilhøva på lokaliteten tilgjengeleg. I tillegg må ein ta omsyn til kjent informasjon frå databasar. Kanskje det er utført kartleggingar på nærliggande lokalitetar som også er relevante?

Risikovurderinga skal vere grunnlaget før ein set i gong ei eventuell undersøking i felt. Den kan også konkludere med at det ikkje er naudsynt med fysisk undersøking. Bakgrunnen for denne konklusjonen må leggjast ved akvakultursøknaden som eit notat eller ein rapport.

 

Ålegrasenga trivst på grunn mudder- og sandbotn, og er oppvekststad for mange artar. Ålegraset er ein av dei få blomsterplantane som lever under vatn. Den tek opp CO2 og lagrar karbon, demper bølgjer mot land og held sand og mudder på plass med røtene sine. Ålegraseng er ein eigen naturtype.
Ålegrasenga trivst på grunn mudder- og sandbotn, og er oppvekststad for mange artar. Ålegraset er ein av dei få blomsterplantane som lever under vatn. Den tek opp CO2 og lagrar karbon, demper bølgjer mot land og held sand og mudder på plass med røtene sine. Ålegraseng er ein eigen naturtype. Foto: Erling Svensen.

Steg 2: kartlegging

Råd om metodikk og omfang er gitt i Havforskingsinstituttet sine publikasjonar, sjå lenkje litt lengre opp i artikkelen. 

A) På djupt vatn er det ROV som gjeld

Kartlegging av aktuelt influensområde på djupt vatn skal skje med ROV og utførast i henhald til NS 16260. Ein ROV er ein undervassrobot som kan gjere filmopptak, ta bilete og dokumentere sjøbotn. Den blir manøvrert av mannskap på båt. 

ROV-undersøkingane skal avdekke om det finst korallførekomstar eller andre viktige naturverdiar innanfor 1000 meter frå anlegget sine yttergrenser.

B) Fleire metodar på grunt vatn

Ein kan nytte ulike typar videoriggar og mindre undervassdroner i arbeidet.

 

Det er mange ulike korallar under sjøoverflata, og dei er dårleg kartlagt. I samband med vurdering av akvakultursøknadar vil vi unngå at viktige korallførekomstar vert påverka. Korallar dannar korallskogar og korallrev, og desse naturtypane  er viktige oppvekstområde for mange andre marine artar.
Det er mange ulike korallar under sjøoverflata, og dei er dårleg kartlagt. I samband med vurdering av akvakultursøknadar vil vi unngå at viktige korallførekomstar vert påverka. Korallar dannar korallskogar og korallrev, og desse naturtypane er viktige oppvekstområde for mange andre marine artar. Foto: Erling Svensen.

Steg 3: rapportering

Metodikk for analyse av video- og biletmateriale er gitt i Havforskingsinstituttet sine publikasjonar, sjå lenkjer til høgre i artikkelen. 

Konsulent med rett fagkompetanse må vurdere og rapportere resultata frå undersøkingane i ein rapport som blir lagt ved akvakultursøknaden. Der det allereie er ein etablert lokalitet, skal rapporten leggjast i Altinn.

Søkjar er ansvarleg for at rådata frå kartleggingar blir registrert i Artskart (artsfunn som punkt) og Naturbase (naturtype som areal).

 

Med eit godt kunnskapsgrunnlag vil vi kunne få ei god søknadsbehandling. I tråd med FN sine bærekraftsmål kan vi både bidra til å produsere mat og til ei god og bærekraftig forvaltning av våre marine ressursar.
Med eit godt kunnskapsgrunnlag vil vi kunne få ei god søknadsbehandling. I tråd med FN sine bærekraftsmål kan vi både bidra til å produsere mat og til ei god og bærekraftig forvaltning av våre marine ressursar. Foto: Espen Rekdal.

Vil du vite meir?

Lurer du på noko kan du ta kontakt med Statsforvaltaren. Kontaktinformasjon finn du øvst til høgre i denne artikkelen. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.