Parsellhage som attåtnæring

Smilende kvinne blant solsikker med hus i bakgrunnen
Solveig Lilletvedt er godt nøgd med å ha parsellhagedrift som attånæring på Framnes gard på Kalandseidet i Bergen. Foto: F.Linden / SFVL.

Parsellhagedrift kan vere ei tilleggsnæring på garden. Det har Solveig Lilletvedt på Kalandseidet i Bergen fått god erfaring med dei siste åra. Ho trivst godt med fleire folk og mange små beredskapshagar nært tunet.

Publisert 21.09.2023

- Under pandemien fekk folk augene opp for kor viktig god matberedskap er for oss i krisetider, og ville bli meir sjølvforsynte både i praksis og med å få meir kunnskap om å dyrke mat sjølv, fortel Solveig Lilletvedt engasjert.

Van med folk på tunet

Framnes gard ligg mellom Bergen og Os, tett på storbyen og med etablert struktur for å ta imot folk på garden. Solveig Lilletvedt er bonden på Framnes og har i mange år drive garden som ein Inn på tunet verksemd. På garden har dei ein mindre flokk geiter og høns, og driftar eit dagtilbod for personar med behov for varig tilrettelagt arbeid. Solveig var med andre ord van med å ha folk i tunet, og likar at det er liv på garden.

Kvinne i gul regnfrakk står ved siden av en parsellhage med pallekarmer. Grønsaksbed
- Eg er imponert over kva dei får til å gro av spennande og fargerike vekster i parsellane. Dei alle fleste dyrkar nyttevekster og haustar til eigne, næringsrike måltid, medan nokre tek med seg fine blomar til pynt, fortel Lilletvedt. Foto: F. Linden / SFVL.

God organisering

Skal ein drive med parsellhagedrift må ein like folk og strukturere samarbeidet i ein parsellhage. Dette ansvaret så Solveig tidleg at ho sjølv måtte ta. Ho ville ikkje la eit styre bestemme i delar av drifta hennar på garden. Lilletvedt ville heller ta arbeidet med å lage kontraktar, klyppe plenen og forsiktig dulte dei vidare i dyrkingslivet i parsellen, dersom nokre skulle gå litt i stå.

Halde arealet i hevd

Å la ein parsell gro til er ikkje bra for nokon, og det er viktig å ha hatt ein velkomstprat med forventningsavklaring om kva det vil seie «å halde parsellen i hevd». Solveig finn alltid ei løysing, som å dekke til det gjengrodde arealet med (bygge)plast eller lage ein framleigeavtale. Men ho understrekar at det er viktig med god dialog – heile vegen.

Parsellhage med deler av feltene tildekket av plast
Leigetakarane signerer ein enkel kontrakt med Solveig Lilletvedt, og får samstundes ein praktisk innføring i kva dei får tilgang på av ressursar på garden og kva det vil seie å halde parsellen i drift. Foto: F. Linden / SFVL.

Ingen dugnad

Mykje oppmuntringsarbeid om dyrking skjer via facebook-gruppa ho ha laga, og Solveig har praktiske system og investert i felles redskapsbod og vassforsyning. Solveig har óg sett opp hjortegjerde og tek i stort ansvar for dei andre fellesskapsoppgåvene ein treng å ha for å drifte eit parsellag. Det er dermed ingen dugnadstid for dei som har parsell der, slik det fort blir for dei som deltek i ein parsell på offentleg leigd areal.

Greiper og spader hengt opp på en rød låvevegg i et skur, med trillebårer på rekke og rad i midten
Praktiske system for å henge opp hageverktøy og anna fellesutstyr er viktig. Her kan ein og henge opp instruksjonar slik at meldemmane kan bidra til orden og oversikt. Foto: F. Linden / SFVL.
Låvevegg med rør som leder ned vann i store 1000 liters kontainere. Vannkanner stablet ved siden av.
Sjølv om det regnar mykje i Bergen, kan ein få tørre periodar også her, kor eit vatningssystem blir viktig. Istaden for å legge rør og vatn i slangar, har Lilletvedt sett opp eit system kor ho samlar opp regnvatn i store 1000-liters kontainarar. Her kan dei hente vatn i vasskanner og kjøre dei i trillebår til parsellhagen, som ligg like ved. Foto: F. Linden / SFVL.

Parsellhage som næring

Dei som har parsell på Framnes har med andre ord betalt for fellestenestene i tillegg til å leige ein parsell på omlag 50 kvadratmeter. Det kostar 2000,- kroner i året. Då held også Solveig eit lite drivhus kor dei kan ale opp småplanter og har kjøpt inn redskaper, slik at ein ikkje treng å ha dette sjølv. Dersom ein ikkje har ork eller tid til å drive heile arealet, kan ein leige 25 kvadratmeter til 1500,- per år. Solveig ser at fleire vel dette etterkvart som dei får justert ambisjonane i dyrkingsprosjekta sine.

Drivhus og stabbur i bakgrunnen, et langbord med to grønne vannkanner på tunet.
På gardstunet lar Lilletvedt medlemmane i parsellhagen nytte drivhuset til oppal av eigne småplanter. Ho har også sett opp rasteplassbord i både tunet og parsellhagen, som medlemmane kan nytte til pauser og sosiale lag. Foto: F.Linden / SFVL.

Investeringsstøtte under pandemien

Med om lag 30 leigetakarar, får Solveig att for dei arbeidstimane ho legg i administrasjon, i å fylje opp leigetakarane og fellsoppgåvene i parsellen. Utgiftene til å etablere parsellen fekk ho delvis dekt av ekstra korona-tilskot frå Bergen kommune i starten av pandemien.

Rekruttering er viktig

Solveig likar å prate med folk og ta leiing der det trengs i parsellen. Det er alltid nokon som fell frå av ulike grunnar, men dei fleste har kome tilbake år etter år og trivst godt på Framnes. Ho reklamerer og er godt synleg i sosiale medier for å rekruttere nye medlemmar kvar vinter.

Kvinne i gul jakke og caps tar bilde av grønnsaker med et mobilkamera
Solveig er sjølv aktiv på facebookgruppa og messengertråden for å inspirere meldemmane med oppskrifter og tips, og for å minne folk på viktige ting i parsellhagen. Foto: F.Linden / SFVL.

Eit godt liv med parsellhage

Mange vel å ta med familie og vener til parsellen, berre for å «henge» der litt og levet eit sakte liv. Nokre har plassert benkar i parsellen og inviterer naboen på kaffi. For andre er det arbeidet i hagen som er viktig, kor dei finn glede i å effektivisere sjølvforsyningshagen sin.  For det skal vere godt å være i parsellen på Framnes gard, for alle i alle aldrar.

To kvinner i parsellhagen, hus til venstre i bakgrunnen
Det gode liv i parsellhagen. Foto: F. Linden / SFVL.
Åme, larve på grønnkål
Foto: F. Linden / SFVL.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.