Tidlegpensjon for jordbrukarar

Tidlegpensjon skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntekta si frå jordbruk/gartneri og skogbruk.

Jordbrukarar som har blitt 62 år og som har drive med jordbruk i minst 15 år, kan få einbrukarpensjon. Brukar som har fylt 62 år kan saman med ektefelle/sambuar som har fylt 57 år få tobrukarpensjon. Det vert stilt krav til inntekt i ein referanseperiode på fem år. Dette gjeld både næringsinntekt frå jordbruksføretaket og anna inntekt. Det er eit krav om at landbrukseigedommen er overdregen til ny eigar, og ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar.

For 2022 er tidlegpensjonen fastsett til 105.200 kroner per år for einbrukarpensjon og 168.320 kroner per år for tobrukarpensjon.

Søknaden med vedlegg skal sendast Statsforvaltaren per post.

Les meir om Tidlegpensjon for jordbrukarar på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Statsforvaltaren skal:

  • Behandlar søknaden og fattar vedtak
  • Utfører kontroll i ordninga
  • Behandlar søknad om dispensasjon

Landbruksdirektoratet er klageinstans for vedtak fatta av Statsforvaltaren.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.