Tilskot ved produksjonssvikt i grovfôravling

Gardsbruk med store avlingstap grunna klima kan søkje om tilskot ved produksjonssvikt. Søknadsfristen er 31. oktober. Vi tilrår å søkje elektronisk via Altinn.

Publisert 17.08.2022

For at eit føretak skal ha rett på tilskot ved produksjonssvikt må tapt volum av hausta fôr vere større enn 30 prosent. Dette inneber at føretak som har hausta meir enn 70 prosent av normal avling ikkje får tilskot ved produksjonssvikt. Tilskotet gjeld tap av avling på fulldyrka og overflatedyrka areal som er slått eller beita.

Krav til å førebygge tap av avling

Sjølv i vanskelege år er det krav om at føretaket har gjort «det som normalt kan forventes» for å få avlinga i hus. Manglande innhausting kan gje reduksjon av tilskotet. Klimatiske forhold som kan gi rett til tilskot er mellom anna tørke, mykje nedbør, flaum eller frost. Dette er vêrforhold som kan gi vanskelege vekst- og innhaustingsforhold.

Kvalitetstap gir ikkje rett på tilskot

Tilskot ved produksjonssvikt gjeld tapt volum av hausta fôr. Utsett hausting og redusert fôrkvalitet gjev ikkje rett på tilskot. Dei som tek fôrprøver kvart år kan bruke eigne tal på fôrverdi av hausta grovfôr. Normtala er 4,7 kg fôr per FEm og 160 FEm per rundballe.

For grovfôrproduksjon med husdyr

Som vedlegg til søknad om tilskot ved produksjonssvikt (Altinn) må søkjar fylle ut og legge ved hjelpeskjema – «registrering av avlingsnivå, føretak med husdyr». Dette skjemaet finn du i høgremargen under dokument. I dette skjemaet opplyser du om kva avlingsnivå du har hatt dei 3 føregåande åra til skadeåret. Det gir informasjon om hausta avling (silo, rundballar, høy osv.), beitedagar og beitedyr på fulldyrka/overflatedyrka jord, og om forhold som er unike for føretaket. Ut frå dette vert det berekna kor stor del av produksjonssvikten som skuldast klimaet i år, og kor stor del som skuldast driftstekniske og naturgitte faktorar (til dømes driftsintensitet, jordkvalitet, høgde over havet og liknande).

For salsproduksjon

Føretak som berre produserer grovfôr for sal skal dokumentere seld volum for 5 av dei siste 6 åra. Søkjar tek då ut det dårlegaste året i gjennomsnittsperioden. Som vedlegg til søknad om tilskot ved produksjonssvikt skal føretak som driv med sal av grovfôr legge ved kopi av fakturabillag for desse 5 åra.

Det står meir om sparte haustekostnader og uhausta areal i kommentar til sats- og berekningsforskrifta § 5, erstatningsberekning i salsproduksjonar.

Det er krav om at avlinga blir hausta. Unntaksvis kan ein gje tilskot ved produksjonssvikt for uhausta areal, til dømes ved ekstraordinært vanskelege hausteforhold eller når haustekostnaden overstig verdien av avlinga. Dette er berre mogleg når kommunen, etter kontroll på bruket, har godkjent manglande hausting og vurdert kor stor avling som står uhausta.

Generelt om sakshandsaminga til kommunen

Alt fulldyrka og overflatedyrka areal som eit føretak nyttar til grovfôr i skadeåret, samt i gjennomsnittsåra inngår i arealgrunnlaget. Dette er arealet som det er søkt tilskot for i søknad om produksjonstilskot. Grovfôr som er hausta på areal som føretaket ikkje mottar produksjonstilskot for, skal førast i søknadsskjemaet som fått eller kjøpt fôr.

Dokumentasjon og melding

Etter § 2 i forskrift om tilskot ved produksjonssvikt skal føretaket melde i frå til kommunen utan ugrunna opphald om at skade har oppstått, eller vil kunne oppstå. Det er forvaltninga si vurdering av dokumentasjon og årsak som avgjer utfallet av saka, ikkje sjølve datoen for meldinga. Sein melding gjer det vanskelegare for føretaket å «bevise» årsakene til klimaskade.

Etter § 4 i sats og berekningsforskrifta må føretaket dokumentere avlingssvikt og klimaårssak. God dokumentasjon kan vere ein uttale om klimautfordringar frå kommunen eller eit profesjonelt fagmiljø. Annan god dokumentasjon vil t.d. vere skadeomfang i heile områder eller meteorologiske data. Bilete kan gi god tilleggsinformasjon.

Kommunen må hente inn nødvendig dokumentasjon. Dersom det manglar tilstrekkeleg dokumentasjon for å vurdere søknaden, skal søknaden bli avvist. Men i så fall etter at forvaltinga har oppfylt undersøkingsplikta. Dersom ein vurderer dokumentasjonen og kjem til at skaden mest sannsynleg ikkje skuldast klimaet, skal søknaden bli avslått. Kommunen må vurdere om det er andre tilhøve ved drifta som heilt eller delvis er årsak til låg avling.

Kommunens ansvar for kontroll

Etter § 12 i sats- og berekningsforskrifta skal kommunen kontrollere minimum 10 % av føretaka det er mottatt melding frå. Kommunen skal som ein del av søknadshandsaminga, alltid gje ein uttale om årsaka til produksjonssvikt.

Fôreiningsinnhaldet i ein rundball

Rundskrivet til forskriftene omtalar kva som er å rekne for ein gjennomsnittleg rundball. Normtal er 4,7 kg fôr per FEm, og totalt 160 FEm i ein rundball. Dette tilsvara ei rundballvekt på 750 kg. Dersom søkjer meina at fôret har lågare fôrverdi enn dette, skal dette dokumenterast gjennom representative fôranalysar og vekt av eit representativt utval rundballar. For at dei fastsette fôrverdiane skal kunne fråvikast i tilskotsberekningen, må fôranalysar og tørrstoffinnhald (vekt) vise eit avvik på meir enn 15 % frå fôrnormen i § 15 i sats- og berekningsforskrifta. Dette kan ein lese meir om i rundskriv «2021-30» i frå landbruksdirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.