Tilskot til kommunale veterinærtenester 2024

Storfe på beite.
Storfe på beite. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Kommunar og veterinærdistrikt i Vestland kan no søke om stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2024. Søknadsfristen er fredag 23. februar.

Publisert 25.01.2024

Stortinget har løyvd 35,722 millionar kroner i stimuleringstilskot for 2024. Løyvinga til Vestland fylke er kr 6 597 000. Statsforvaltaren i Vestland gjer vedtak om tildeling av midlane etter handsaming av søknadar frå kommunar eller vaktdistrikt i tråd med føringar frå Landbruksdirektoratet.

Føremål med ordninga

Føremålet med ordninga er å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område på dagtid, innan ordinær arbeidstid.

Kven kan søke?

Alle kommunar og vaktdistrikt i Vestland kan søke om midlar til tiltak. Det er administrasjonskommunen som søker på vegne av vaktdistriktet om heile vaktdistriktet søker saman.

Søknad og rapport i Altinn

Kommunen søker og rapporterer på elektronisk skjema i Altinn. Frist for dette er sett til fredag 23. februar.

Ved søknad og rapportering skal kommunen skildre kva tiltak dei vil prioritere i 2024, og korleis tildelte midlar er nytta i 2023.

Føringar og prioriteringar

Statsforvaltaren prioriterer stimuleringstilskot til:

  • Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar
  • Kommunar med lågt dyretal og krevjande infrastruktur
  • Der stimuleringstiltaket er hensiktsmessig for å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell
  • Kommunar som har vanskar med å rekruttere og behalde veterinærar, og som har hensiktsmessige tiltak som vil betra dette

Endring frå 2024

Frå 2021 vart det innført ei prøveordning der kommunar kunne sette krav om vaktdeltaking for at veterinærane skulle få motta stimuleringstilskot. Denne ordninga vert no permanent. Kommunane som nyttar denne ordninga og stiller krav til vaktdeltaking skal rapportere særskilt om dette i den årlege rapporteringa.

Vi viser til utfyllande informasjon i rundskriv som er lenka til denne sida.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.