Kan ein få støtte til virtuelle gjerde?

Utprøving av Nofence til geit i Vik i Sogn
Utprøving av Nofence til geit i Vik i Sogn Foto: Jo Risløv.

SMIL-midlar skal normalt ikkje nyttast til laust teknisk utsyr slik som virtuelle gjerde (Nofence). Støtte til slikt utstyr kan i større grad inngå i beitebruksmidlane, forutsett at utstyret skal nyttast i utmarka.

Publisert 11.05.2021, Sist endret 10.11.2023

Mange bønder ynskjer å ta i bruk virtuelle gjerde (Nofence), og fleire spør om det er mogleg å få støtte til innkjøp av utstyret anten via tilskot til tiltak i beiteområde eller spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). Her er vår vurdering knytt til desse spørsmåla.

Begge ordningane vert forvalta av kommunen. Det er kommunen som har ansvar for ordningane og gjer sine prioriteringar, ut frå lokale retningslinjer.

Om elektroniske gjerde

Nofence er virtuelle gjerde der dyra held seg innanfor eit område ved hjelp av lyd- og elektriske signal. Ei kartløysing på telefon eller pc vert nytta til å markere grensene der dyra skal gå.

Ei føremon med virtuelle gjerde er at ein ikkje treng å setje opp og vedlikehalde fysiske gjerde, noko som tek mykje tid og som kan vere krevjande å få til. Det er også enkelt å flytte dyr frå område til område.

I 2019 aksepterte Mattilsynet at Nofence kan nyttast til storfe og sau etter testing ved Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet og fleire pilotbrukarar. For geit var bruken akseptert i 2017.

Ved bruk av virtuelle gjerde vil dyra få elektrisk støyt dersom dei bevegar seg utanfor området dei skal gå i. Straum er ubehageleg for dyr, slik som for oss menneske. Det er difor svært viktig at brukarrettleiinga frå Nofence vert følgt, og at dyra får nødvendig tilsyn, slik at dyreeigar kan oppdage og hindre uønska hendingar.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Føremålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, og redusere forureininga frå jordbruket, utover det som er forventa gjennom vanlig jordbruksdrift. Prosjekta og tiltaka skal prioriterast ut frå lokale målsettingar og strategiar.

For ordninga gjeld forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Det faglege og administrative handlingsrommet for bruken av SMIL-midlane er utdjupa i kommentarar til regelverket.

Her vert det slått fast at det normalt ikkje skal gjevast tilskot til innkjøp av maskiner eller anna laust teknisk utstyr. Vi forstår denne formuleringa som at det skal vere særskilde grunnar til at kommunen skal kunne løyve tilskot til laust teknisk utstyr, slik som Nofence/virtuelle gjerde.

Dette må også sjåast i samanheng med at tilskot etter forskrifta skal prioriterast ut frå lokale målsettingar og strategiar, og at kommunen skal vurdere om det omsøkte tiltaket er prioritert i dei lokale retningslinene.

Tilhøve som kan tenkjast å utløyse grunnlag for bruk av SMIL-midlane til Nofence kan til dømes vere at kulturlandskapsverdiane i eit område er særleg store, og at fysiske gjerde anten ikkje er ønskjeleg eller mogleg å få til.

Tilskot til tiltak i beiteområde

Føremålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.

For ordninga gjeld forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområde. Det faglege og administrative handlingsrommet er utdjupa i kommentarar til regelverket.

Tilskotet kan gjevast til faste installasjonar eller anna utstyr knytt til beitebruk i utmark. Under døme på type tiltak som kan få støtte er virtuelle /elektroniske gjerde, til dømes Nofence, nemnd under kommentarar.

Vi forstår dette som at dersom Nofence skal brukast i utmarka, kan det vere mogleg å få tilskot via beitebruksmidlane, men kommunen skal vurdere om tiltaket er prioritert i dei lokale retningslinjene.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.