Hugs å registrer deg innan fristen for å få straumstøtte

For å motta støtte til ekstraordinære utgifter til straum må du registrere målepunkta knytt til produksjonen din innan 15. mai!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.05.2022

Støtte til ekstraordinære utgifter til straum er aktuelt for føretak som er registrert i Enhetsregisteret og oppfyller vilkåra for å få produksjons- og avløysartilskot. Ordninga gjeld òg for produksjon i veksthus, blant anna grønsaker, frukt, bær, krydderuter, blomer, prydplanter og planteskulevekstar.

Frist for å registrere målepunkta 15. mai gjeld for støtte frå desember 2021 til og med mars 2022. Det er bestemt at ordninga for straumstøtte skal forlengast ut mars 2023, men det er ikkje avklart kva slag reglar og registrering som skal gjelde for denne perioden.

Les meir om ordninga på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Du må logga inn i Altinn for å registrera målepunkta. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.