Beitesesongen 2020 i Vestland

Svært dårleg ver under sankinga mange stadar i fylket.
Svært dårleg ver under sankinga mange stadar i fylket. Foto: K. de Bouvrie, Statsforvaltaren.

Vestland er eit stort utmarksfylke og har 20 prosent av alle småfe i Noreg på utmarksbeite.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.02.2021

I 2020 var det på landsbasis 1,4 millionar sau og lam i utmarka gjennom organisert beitebruk. Det er ei oppgang på vel 100 000 dyr sidan i fjor. Innlandet har størst andel av småfe på utmarksbeite med 23,5 prosent.

Vestland har i mange år hatt lågare tapstal samanlikna med resten av landet. Historisk sett har Sogn og Fjordane hatt ein prosent høgare tapstal enn tidlegare Hordaland. Landsgjennomsnittet for tapte lam ligg på 5,79 prosent, mens Vestland har eit gjennomsnitt på 4,41 prosent. Fylka med dei høgaste tapstal er Trøndelag (7,8 prosent), Møre og Romsdal (8,2 prosent) og Nordland (9,2 prosent).

I nokre område er tapet av småfe høgt og årsaka skuldast freda rovdyr, rev, flått, sjukdom og ulukker. Beitelaga jobbar målretta med å legg til rette for å minimere tapa.

Kring 18 800 storfe vart sleppt på utmarksbeite i 2020, mens det er 86 000 på landsbasis. Tap av storfe er som regel lågt, 0,86 prosent i Vestland. Tapa skuldast som oftast ulukker.

Dei aller fleste beitelag melder om ein god sesong. Det var sein beiteslepp for dei fleste grunna mykje snø i fjellet. Når snøen smelter litt og litt, er det stadig ferske plantar tilgjengeleg, noko som gjev god beitekvalitet. Mange lag er godt nøgde med høge slaktevekter og gode klassar, enkelte har kalla sesongen for fantastisk! Likevel har mykje snø ført til noko tap av dyr ved at dei har falt gjennom snøbruer og drukna.

I nokre områder er turistar og laushundar eit problem for beitenæringa. Det skapar uro i flokkane og hundar har i år òg drepe sau. Likevel er det positivt med mykje folk i fjellet som er flinke til å gje beskjed om dei ser noko.

Mange beitelag melder om observasjon og tap av lam til ørn og rev, spesielt tidleg i sesongen. Det kan verka som om dette er eit aukande problem over heile fylket. Ein del lag gjev skotpremie for rev.

Òg i år er det ein del lag som seier at flåtten har stått for ein god del av tapet. Samstundes er mange lag flinke til å kjøpe inn medisin til alle medlemmene til førebygging. Nokon tilfelle av sjodogg har det og vore. Dei fleste tapte dyr finn ein ikkje att. Naturen er snau med å rydde opp.

Dei som har beitedyr innanfor CWD området, har i 2020 kunne nytte saltsteinautomatar igjen; tilpassa installasjonar som hindrar avrenning av salt og saltholdig vatn til grunnen. Det gjorde at sauene i dette området var mykje rolegare. Dei hold seg mykje meir i ro enn i fjor då det ikkje var tillate å nytte anna enn strøsalt.

Elektronisk sporingsutstyr er noko som dei aller fleste har. Det er gode hjelpemiddel til å ha oversyn over dyra. Nokon har òg starta med å teste ut NoFence. Det er eit par tre lag som melder at dei har prøvd, eller ynskjer å prøve ut drone. Det kan vere eit veldig godt hjelpemiddel for å få oversyn over kvar dyra står hen før ein går ut i terrenget. I nokre områder er det litt utfordring at dyra trekker ut av beiteområde sidan det er for lite dyr i tilgrensande områder.

I Hyllestad, Høyanger og Fjaler har det vore ein ulv i området dei siste tre beitesesongane. Ulven vart teke ut av Miljødirektoratet/SNO i januar 2021. Det har vore ein stor belastning å sleppe dyra på utmarksbeite når ein veit at det går eit stort rovdyr i området. Det har gått med mykje tid og krefter for beitenæringa. I Indre Sogn har det vore observasjonar og tap til jerv.

Beitelaga melder om godt samarbeid innad i laga og økonomien ser ut til å vere bra i dei fleste lag. Dei fleste har rom for mindre investeringar i tillegg til drift av laget. Tilskotssatsen til drift av beitelag gjekk opp i fjor og det styrkar økonomien til laga.

I alt ein god beitesesong i Vestland 2020. Det oppmodast til å halde fram med det gode arbeidet beitelaga legg ned for utnytting av utmarka.

Oversyn over sleppte og tapte lam og småfe per. kommune for 2020 (pdf)

Lammetap per. kommune 2019 og 2020 (JPG)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.