Vert skogen hogd for tidleg og kva konsekvensar får det i framtida?

Hogst av skog i bratt terreng
Hogst av gran i bratt terreng Foto: SFVL, Gro Kampp Hansen.

Dette spørsmålet har satellittar hjelpt oss med å finne svar på. Dei kan gje oss gode oversiktsbilde til bruk i arbeidet vårt.

Publisert 23.03.2026

Satellittar flyg kontinuerleg over jorda og tek bilde av overflata. Bilda frå verdsrommet er ikkje veldig detaljerte, men dei kan brukast til å sjå endringar på skogen frå år til år. Vi har brukt data frå satellittbilde til å sjå når skogen i Vestland vert hogd.

Granskogen vert hogd når han er rundt 60 år gammal. Men berre 30 prosent av skogen vert hogd når han er biologisk hogstmogen (Hogstklasse 5). Biologisk hogstmogen betyr at trea er ferdig med å vekse og at skogen er høg og grov. 30 prosent av skogen burde fått vekse i minst 10 år til. Det betyr at mykje av skogen vår vert hogd midt i den beste vekstfasen når tømmeret verkeleg skulle leggje på seg. Ved å utsetje hogsten til trea er hogstmogne, kan skogeigarane tene det dobbelte på skogen sin.

Ein konsekvens av for tidleg hogst er at det vert mindre tømmer å hogge i framtida. Vi har sett på kor mykje hogstmogen skog vi mister på denne måten. Dersom all skogen hadde fått stå til han var hogstmogen, ville volumet følgt den blå kurva i figuren. Men fordi vi høgg for tidleg, vert volumet i framtida redusert til den lilla kurva. Denne skilnaden er største kring år 2040, og det potensielt tilgjengelege hogstkvantumet er då redusert med 200 000 kubikkmeter per år.

Begge kurvene i figuren går bratt oppover og viser eit aukande volum i åra som kjem. Dette er eit resultat av den høge planteaktiviteten som starta på 1950-talet og varte til midt på 1980-talet. Men ein del skog er planta på stader der det er dyrt å få fram tømmeret og vil ikkje bli hogd. Vi trur difor at hogsten vil stabilisere seg kring 600 000 kubikkmeter i året. Om det stemmer vil den gule kurva (hogd) nå att den lilla kurva kring år 2035. Det er difor behov for å leggje til rette for auka hogst gjennom å gjere den hogstmogne skogen meir tilgjengeleg. Då trengst det både betre kommunale vegar og nye skogsvegar for å transportere ut tømmer.

Det kan vere mange grunnar til at skogeigarane høgg skogen for tidleg, men når to tredelar av skogen vert hogd for tidleg er det eit stort tap. Statsforvaltaren i Vestland jobbar med å få ut informasjon til skogeigarar og kommunar om verdien av å hogge til rett tid. Skogeigarane treng oppdaterte skogtakstar og skogbruksplanar slik at dei kan få god informasjon om verdien av skogen sin, behov for vegbygging og for kva som er rett hogsttidspunkt.

Det må plantast etter hogst

Vi har også brukt bilde frå satellitt til sjå kva som skjer på areala etter hogst. Saman med Sunnfjord kommune har vi gått gjennom alle felta som er hogd dei siste åra. Her fann vi at 18 prosent av hogstareala ikkje vert vidareført som skog, men brukt til landbruk, bustader, kraftgater, kraftverk og industriområde. På areala som ikkje var tekne i bruk til noko anna var 15 prosent ikkje planta til med ny skog. Dette utgjer ein stor nedgang i granskogarealet i Sunnfjord kommune som er ein av dei største skogkommunane i fylket. Heldigvis ser vi at utviklinga dei siste åra går mot at meir og meir av skogen vert forynga etter hogst. Dette kjem både av betre rutinar og oppfølging i næringa, og at høge tømmerprisar ser ut til å motivere til planting etter hogst

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.