Vernskog – kunnskapsstatus i kommunane i Vestland

Steinsprang i Mundheim, Bjørnafjorden kommune, foto: Dirk Kohlmann, SFVL

Mange kommunar har trong for å jobbe meir med vernskog som tema i planar, men har for lite kunnskap om vernskog.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.06.2021

Kvifor gjer vi dette? 

Statsforvaltaren i Vestland har gjennomført ei spørjeundersøking for å få svar på om kommunane i Vestland kjenner til omgrepet vernskog, og korleis dei i planarbeidet vurderer skog som vernetiltak mot naturfarar. Undersøkinga er utarbeidd av landbruks- og kommunalavdelinga i samarbeid med Skogbrukets Kursinstitutt. Målsetjinga med denne undersøkinga er å få ei generell oversikt over kunnskapsstatus rundt temaet i kommunane i Vestland fylke. 

Kven har svart? 

Til saman fekk Statsforvaltaren inn svar frå 41 representantar i 32 kommunar. Medarbeidarar som deltok har oppgitt at dei jobbar på ein av dei fire avdelingane - beredskap, landbruk/skog, miljø, plan/bygg. 

imagew1ys.png 

I fleire kommunar vert ulike fagfelt dekka av same person. Dette er som forventa, sjølv om ein kunne ønskje at beredskapsansvarlege i sterkare grad er engasjert i arbeidet med vernskog. 

Eit interessant spørsmål å sjå på er om vernskog også har vore innom den politiske agendaen i kommunane. Berre 10% seiar at temaet også har vore diskutert av politikarar i kommunen, mens 40% trur at temaet ikkje har vore teke opp, korkje administrativt eller politisk. Dette kan vere ei utfordring framover. 

Omsynssonar for vernskog 

Kommuneplanen sin arealdel gjev moglegheit for å leggje inn område som omsynssone for vernskog. Kommunen har høve til å knytte føringar og førehandsmeldeplikt for hogst til slike omsynssoner. Ca. halvparten er ikkje kjent med dette. Omsynssoner kan vere nyttige reiskap i områder der det er naudsynt med raske førebuande tiltak. Sjølv om dette til ein viss grad kan hindre skogeigaren i å utføre ordinær skogdrift, kan det vere det mest samfunnsansvarleg riktige å gjere. Hogst og skogskjøtsel må kunne tilpassast i desse omsynssonene. 

Eit fåtal svarar at vernskog i reguleringsplanar har vore eit avgjerande argument for eller imot utbygging. Faktisk er 80% ikkje kjent med at slike vurderingar vart tekne opp i reguleringsplanar. I Vestland fylke med bratte lier rundt dei fleste bygder er dette å sjå som eit noko lågt tal. 

Kunnskap om vernskoggrensar 

I flg. Skogbrukslova har Statsforvaltaren ansvar for å sette vernskoggrenser, dette vert gjort etter eit felles forarbeid med kommunen. Dei fleste kommunane i Vestland fylke har så langt ikkje vernskoggrenser som vern mot naturfarar. På spørsmålet om kommunane ser trong for å sette i gang arbeidet med å få etablert vernskoggrenser er svarfordelinga slik: 

image2oy2q.png

Dette er ei viktig tilbakemelding frå kommunane. Statsforvaltaren og kommunane bør starte ein dialog rundt framgangsmåte og forankring av ein slik prosess. For både statleg og kommunal forvaltning er dette eit nytt område å jobbe med, og i fellesskap må dei offentlege etatane lære seg handteringa av vernskog som planelement. 

Oppsummerande svarar 56% av kommunane at det er trong for meir kunnskap rundt vernskog. Her er det eit handlingsrom for meir kunnskapsbygging i forvaltninga.

Definisjon av vernskog etter Skogbrukslova §12

Statsforvalteren kan gi forskrift om vernskog med hjemmel i skogbruksloven § 12 når skogen har en viktig funksjon i en av følgende situasjoner  

  • vern for annen skog,  
  • vern mot naturskader, eller  
  • vern mot at den selv blir ødelagt 

Forskriften skal  

  • beskrive (kartfeste) grensene for vernskogen 
  • gi regler for forvaltning av skogen 
  • I tillegg kan forskriften bestemme at det skal være meldeplikt

Det er i all hovedsak klimaaspektet som ligger til grunn for skogens funksjon som vern, og faren for ødeleggelse av skogressursene er det sentrale for vernskogbestemmelsen. Bestemmelsen er ikke en bestemmelse om fredning av skog, og vernskog er ikke forveksles med skogvern eller områdevern (skog vernet av hensyn til naturmangfold) hvor det er miljøaspektet og friluftslivet som er det sentrale.

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.