Skogsdrift ved fare for skogbrann

Lassbærarkøyring ved Osterneset, Fitjar - juni 2021
Lassbærarkøyring ved Osterneset, Fitjar - juni 2021 Foto: Dirk Kohlmann / SFVL.

Vi har nettopp opplevd nokre dagar med stor brannfare i skogen. Skogdrifta med store maskinakan utløyse brann, men risikoen kan minskast om entreprenørane tek forholdsreglar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.06.2021

Skogsdrift, spesielt hogstaktivitet, utgjer ein potensiell risiko for skogbrann. Brann oppstår ved gnister frå belte og kjettingar, boggiar som kjem borti stein, tre og vegetasjon som tek fyr etter kontakt med eksosrøyr, steinskjering og anna kontakt mellom metall og stein som skapar gnistar. Brann i maskinar kan sjølvsagt også forårsake skogbrann. 

Ved at det vert teke førehandsreglar er det mogleg å halde fram med skogsdrift, sjølv om det er stor brannfare:  

  • Unngå drift på grunnlendt mark og prioriter fuktig mark
  • Ikkje køyr over gamle hogstflater med tørt hogstavfall 
  • Ta av belte og kjettingar 
  • Vurder å køyre om natta/føremiddagen 
  • Alle skogsentreprenørar må ha beredskapspakke som inneheld: 
  • Etablere ansvar for brannovervaking og etterkontroll

Skogbrand har i samarbeid med Skogkurs utvikla skogbrannkurs for entreprenørar og maskinførar som nettkurs på skogskolen.no. Desse er no tilgjengeleg for både dei som skal ta kurset for første gang og dei som har teke del i fysiske skogbrannkurs med brannvesenet og som ynskjer å fornye kursbeviset sitt. Les meir her: Skogbrannkurs for entreprenører og maskinførere - Skogbrand 

Det er no også mogleg å tinge varslingsmateriell for ekstra stor skogbrannfare på Skogbrand sine nettsider for skogeigarar med skog der det oppheld seg mykje turfolk. Slike beachflagg og banner skal settast opp i periodar med svært høg skogbrannfare, for å gje ekstra merksemd i tillegg til dei tradisjonelle skogbrannplakatane frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredtskap (DSB). Dei bør fjernast når faren er over. 

Korleis ein handterer skogdrifta ved ulike fareklassar har DSB samanfatta i ein rettleiar, sjå i høgremargen.  

 Les gjerne også kva tidsskriftet “Brannmannen” skriv om skogbrann og skogbrannvern. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.