Planting med store granplanter - storskala forsøk i Vestland

M95-plante kategorisert som livstruande skadd med pågåande gnag frå snutebille.
M95-plante kategorisert som livstruande skadd med pågåande gnag frå snutebille. Foto: Torgrim Østgård, Statsforvaltaren i Vestland.

Kva betyr størrelsen på granplanta for overleving etter planting? Det håpar Statsforvaltaren i Vestland å få svar på gjennom forsøk med ulike plantetypar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.09.2022

Mange granplanter døyr

Endring i klima og auka hogst har gitt snutebilla eit større matfat i vest. Ei nasjonal snutebilleundersøking i 2010 viste at vestlandsfylka har ein stor avgang grunna gnag frå snutebilla (Hylobius abietis) i foryngingsfelt etter hogst. Forsking tyder på at større planter kan ha positiv effekt for overlevinga. Det vert i dag ikkje produsert planter som er store nok til å vere trygge for å overleve snutebillegnag etter planting.

Forsøk med store planter

Statsforvaltaren i Vestland ønskjer å undersøke effekten av plantestorleik med omsyn til snutebillegnag. Det er difor sett i gang eit forsøk i samarbeid med NIBIO og Skogplanter Østnorge på Biri. Frå Nibio deltek Kjersti Holt Hansen og Inger Fløistad.

Plantinga gjekk føre seg i sju utvalde felt i Sogn og Fjordane i april 2022. Plantene har altså sin fyrste vekstsesong i år. Proveniensen til plantematerialet er Sanderud som passar 150 – 350 m.o.h. Alle plantene er toårige og kjemisk behandla mot snutebille. Forsøket skal gå over tre år, og etter den tredje sesongen er populasjonen av snutebiller så låg at dei plante som då lever vil vere med inn i framtidsbestandet.

Masterstudent følgjer forsøket

Vi har vore heldige og fått med oss masterstudent i skogbruk, Bjarne Kylland frå Birkeland, som har gjennomført registreringar. Like etter utplanting blei høgde og rothalsdiameter målt på alle dei 1650 plantene som er med i forsøket. Så langt er det registrert skadegrad og høgdeutvikling på plantene.

Registrert skade

Det er registrert snutebiller i alle felta, men skadegraden varierer. Forsøksfeltet på Senneset i Sunnfjord kommune er under eit stort press frå snutebilla, og her blei mange planter livstruande skadd. Sjølv om plantene er behandla kjemisk, noko som gjer at snutebilla døyr i det ho startar å gnage på barken, er populasjonen av biller så stor at det er gjort vesentleg skade på feltet.

På seinhausten i år skal det gjerast ei ny registrering av skadegrad, og vi vil kanskje allereie då sjå ein tendens til kva plantetype som har overlevd, og som har lågast skadegrad. Utvikling av rothalsdiameter og høgdevekst vil også bli målt. Neste år når foryngingsareala er to år gamle, er dei ifølgje forskinga utsett for det største trykket frå snutebillepopulasjonen. Då vil veksten i år vere avgjerande for kor godt skodd plantene er for å møte den utfordringa.

Ny produksjonsskog

Prosjektet er viktig for skogbruket på Vestlandet, og vil bidra med nyttig informasjon om korleis vi kan leggje til rette for at planting vert ny produksjonsskog. Det er dyrt, både for samfunnet og skogeigaren, når hogstflatene ikkje blir sett i produksjon, eller at potensialet for skogproduksjon ikkje vert nytta fordi mange av plantene døyr.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.