Manglande planting etter hogst

Granplante på Stord
Granplante på Stord Foto: Torleiv Skage / Statsforvaltaren i Vestland.

Skogeigarar har plikt til å plante skog att etter hogst. Dei fleste skogeigarane forynger hogstflatene og tingar planter i tide, men kvifor er 1800 dekar ikkje forynga i Vestland fylke?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.01.2022
Ca. 450 000 planter har ikkje kome fram til skogeigarane.

Svikt i systemet kan oppstå mange plassar. Kommunen si handtering av foryngingskontrollen er eit svakt punkt.  I kontrollskjemaet kan kommunane krysse av for at skogeigaren ønskjer å plante på eit seinare tidspunkt. Ser vi på foryngingskontrollskjema som er merka slik, ser desse plantingane ut som gjennomførte, sjølv om plantekjøp framleis ikkje er registrert på skogfondskontoen hjå mange av desse skogeigarane. Nokre gongar vert skogeigaren oppfordra av skogansvarleg i kommunen til å tinge planter sjølv, noko som ikkje alltid skjer. Etter kvart vert dette foryngingstiltaket gløymt.

Også hjå skogbruksleiarane frå hogstselskapa kan det oppstå rot i systemet. Dei har ofte avtaler med skogeigarane om både hogst og påfølgjande planting. Men plantetinginga vert ikkje godt nok avklart med skogeigaren, og når nye skogbruksleiarar overtek vert ikkje desse planteordrane fanga opp.

image8lfub.png


Figur 1: Totalt plantetal per kommune med skogeigarar som ønskjer planting. Dette er ei bruttoliste, fordelt på hogstaktørar. Vi har sett på totalt avverka volum, som har utløyst foryngingskontroll, og estimert eit areal basert på i snitt 50 m3/daa, og deretter teke utgangspunkt i normalplanting med 250 planter/daa. Basert på kommunen sine merknadar i kontrollane er nokre av areala korrigert manuelt, så det gjev eit rettare bilete av behovet.
 

imageed7od.png

Figur 2: Totalt plantebehov fordelt på kontrollår. Oversikta viser at det er manglande forynging også på gamle hogstflater. Kontrollåret 2019 representerer hogst i 2016. Nokre av desse flatene ligg nok i ordreboka til AT Skog, og ein del av forklaringa kan tilskrivast korona og mangel på arbeidskraft. Uansett er det problematisk.

Undersøkinga viser tendensar, og vi får eit innblikk i kva vi bør følgje med på. Til dømes ønskjer nokre av skogeigarane furuplanter. Å få tak i nok frø av eigna proveniens kan vere vanskeleg for planteskulane, men dette må vi følgje opp saman med næringsaktørane. Nokre av felta har ein meir uavklara status, t.d. når skogeigaren ventar på resultat frå naturleg forynging før det vert gjort vidare grep. Vert felta uforynga over lang tid, bør behovet for suppleringsplanting fangast opp tidlegare enn det gjer i dag.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.