Planting av utanlandske treslag

Sitkaspredning frå planta bestand i lyngheiområde
Sitkaspredning frå planta bestand i lyngheiområde Foto: Dirk Kohlmann / Statsforvalteren i Vestland.

Du treng løyve om du ynskjer å plante utanlandske treslag til skogbruksføremål. Dette gjeld også for planting til produksjon av juletre og pyntegrønt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.03.2021

Utanlandske treslag er definert som artar, underartar, eller sortar av tre som ikkje har sitt noverande eller historiske utbreiingsområde i Noreg. Ei rekke artar er brukt som prydtre i hagar og parkar, eller som produksjonstre i skogbruket. Typiske døme er sitkagran (Picea sitchensis) og lerkeartar (Larix) som er nytta til skogproduksjon, og edelgran (Abies alba) og fjelledelgran (Abies lasiocarpa) nytta til juletreproduksjon.

Bakgrunnen for bruk av desse treslaga har mellom anna vore ettertrakta estetiske verdiar eller eigenskapar som stor virkesproduksjon og god tilpassingsevne til utfordrande klimatiske forhold. Hovudtyngden av førekomstane av utanlandske treslag blei etablert under skogreisingsperioden i frå 1950 til 1990. Litt under 1 % av det produktive skogarealet i Noreg er dominert av utanlandske treslag i dag. Utanlandske treslag har i mange område bidratt til auka skogproduksjon. 

Søknadspliktig

Utsetting av utanlandske treslag til skogproduksjon og juletreproduksjon er i dag regulert gjennom forskrift om utsetting av utanlandske treslag til skogbruksformål. Grunneigar må søkje statsforvaltaren om løyve før utsettinga jamfør forskrifta. Med utsetting meiner ein både for planting og såing.

Statsforvaltaren vurderer kvar enkelt sak opp mot eventuelle uheldige følgjer for naturmangfaldet. Ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for vurderingane er risikovurderingar av dei økologiske eigenskapane til artane i fremmedartslista til Artsdatabanken. Vurderingane baserer seg også på tilgjengeleg kunnskap om området der plantinga skal skje.

Bruk av utanlandske treslag i hagar og parkanlegg og andre dyrka område er regulert gjennom forskrift om framande organismar. Ein søknad skal skrivast til Miljødirektoratet. 

Søknadsprosessen

Du kan søke Statsforvaltaren i Vestland om løyve til planting av utanlandske treslag til skog og juletre. Søknaden skal skrivest på standard søknadsskjema (sjå i høgremargen) og sendast til oss seinast to månader før plantinga er planlagt. Arealet som er tenkt planta skal vere avgrensa på kart som du legg ved søknaden.

Planting på jordbruksareal (fulldyrka, overflatedyrka eller innmarksbeite) vil kreve ei omdisponering til skogareal jamfør jordlova. Kommunen må då føreta ei jordlovhandsaming, og ved løyve vil det bli sett vilkår om omdisponering før løyvet er gyldig og plantinga kan skje.

Søkjar eller andre kan klage på vedtaket. Klagen skal sendast til statsforvaltaren som kan oppheve eller endre vedtaket dersom vi finn at klagen er velgrunna. Dersom statsforvaltaren ikkje finn grunn til å oppheve eller endre vedtaket, vert klagen oversendt til Miljødirektoratet for endeleg klagehandsaming.

Juletre- og pyntegrøntproduksjon

Forskrifta opnar for å gi fleirårig løyve til planting med juletre- og pyntegrøntproduksjon som føremål. I dette ligg at produsenten får løyve til å gjennomføre fleire plantingar innafor eit definert areal. Løyvet vil gjelde for eit avgrensa tidsrom og produsenten må sende ny søknad når denne perioden går ut.

Du har også høve til å søkje om planting av fleire ulike treslag pr areal til juletre- og pyntegrøntproduksjon. Er føremålet skogproduksjon er det berre høve til å søkje om eitt treslag pr definert areal.

Utgreiing av forbod mot planting av utanlandske treslag

Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har saman vurdert konsekvensane av å sette eit generelt forbod mot planting av utanlandske treslag til skogbruksføremål. Rapporten frå utgreiinga kom våren 2019. Dei konkluderer med at omsynet til naturmangfald, klima og næring kan balanserast gjennom god forvaltning etter forskrift slik som i dag.

Artikkelen er henta frå Statsforvalteren i Rogaland si nettside og er oppdatert av Statsforvaltaren i Vestland pr. 2.03.21.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.