Forsiktig optimisme i Vestlandsskogbruket

Foto: Dirk Kohlmann / Statsforvaltaren i Vestland.

Tømmerprisane er gode, skogen på Vestlandet vert hogstmogen, skogsvegnettet er vorte betre og interessa for trevirke aukar, men vi manglar regional trebasert industri.

Publisert 07.01.2022 av Dirk Kohlmann

Statistisk sentralbyrå melder at prisen på skurtømmer har auka med 30 prosent det siste året. Dette bidreg til at 2021 vert eit rekordår for hogst også på Vestlandet. Rapporten fastslår at eksporten samstundes gjekk opp med 75%.

imagepxz49.png

Kjelde: Skogbruksplandata, Virkesdatabase - Torkel Hofseth, SF i Vestland

Skogeigarane i Vestland fylke tener på prisoppgangen. Hogsten aukar, mens driftsutgiftene berre har vekse moderat og skogsvegnettet stadig vert betre. Meir tømmer kan nåast med taubane, hogstmaskinar og transportbilar.

Det er på sagtømmer prisen har auka mest, og der spelar det grøne skiftet inn.

I eit NRK-innslag om inntektsutviklinga i skogbruket 3.01.2022 uttaler Trond Svanøe-Hafstad i Landbruksdirektoratet at “det grøne skiftet gjev auka etterspurnad etter trevirke i byggemarknaden både i Noreg og internasjonalt.” Skognæringa er ein syklisk bransje der marknaden og prisane svingar over tid.

Om lag 65% av tømmeret i fylket vårt går i dag til eksport, og ikkje meir enn fattige 15% vert foredla i vår region. Det er forståeleg at tømmerkjøparane sel i ein global marknad når tømmerprisen er på topp, men vi treng fleire regionale trearbeidande verksemder for å få omsett dette verdifulle vyrket på Vestlandet. Verdiskapinga må kome heim att.

Torleiv Skage

Indrehus bruk i Svelgen, Bremanger - eit aktivt sagbruk som nyttar lokalt vyrke. Foto: Torleiv Skage, SF

Alt i alt er skogbruket på veg inn i ein gullalderperiode. Etterspurnaden vil auke i takt med strengare klimakrav, utfasing av olje og auka trebasert produktutvikling.

Men det er mørke skyer i horisonten. Om vi ikkje klarar å følgje opp hogst med ny forynging av arealet, må vi rekne med ein nedgang av hogsten om 30-40 år. I ei tid der optimismen råder i næringa er det viktig å gjere ein innsats, slik at festen ikkje er over før han har starta på alvor.