Ettergodkjenning av ulovleg bygde landbruksvegar

Gravemaskin, fjell, veg, sjø
Illustrasjonsfoto Foto: Torkel Hofseth, SFVL.

Landbruks- og matdepartementet har nyleg oppheva eit vedtak fatta av Statsforvalteren i Vestland.

Publisert 16.02.2024

Vedtaket gjaldt godkjenning av ein landbruksveg i Bergen kommune der det vart søkt etter at vegen var bygd, det var altså ikkje gjeve byggeløyve frå kommunen når vegen vart bygd.

Landbruks- og matdepartementet seier i korte trekk at landbruksvegforskrifta ikkje har nokon heimel for å godkjenne søknadar om løyve til bygging av landbruksvegar som vert levert etter at vegen er bygd.

Årsaka er at byggjesaksforskrifta § 4-3 bokstav e, gjev unntak frå plan- og bygningslova sine byggesaksreglar for vegar som er godkjende etter landbruksvegforskrifta. Dersom vegen ikkje er godkjend før han vert bygd, må vegen handsamast etter plan- og bygningslova sine regler.

Det vil i klartekst seie at også vegar som ville fått byggeløyve etter landbruksvegforskrifta, dersom det vert søkt etter at vegen er bygd, må handsamast og evt. godkjennast etter reglane i plan- og bygningslova.

Med dette som bakgrunn oppfordrar vi kommunane til å gjere dette vel kjend og understreke kor viktig det er å søkje, og få løyve frå kommunen, før vegbygginga vert sett i gang.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.