Mykje nytt i regelverket for økologisk landbruk

Regelverket for økologisk landbruk i EU vart oppdatert i år og frå 25. juni 2022 gjeld regelverket óg i Noreg. Mange av endringane er innstrammingar som gjer at regelverket blir tydlegare. Den økologiske produksjonen skal vere mest mogleg nærprodusert og av økologisk opphav.
Styrka heilskap i øko-regelverket
Endringane vil på sikt gjere at heilskapen i den økologiske produksjonen vert styrka. Det vil til dømes vere langt færre unntak for å kunne bruke konvensjonelle innsatsmiddel, frø, fôr og livdyr. Grønnsaker frå veksthus skal vere dyrka i jord, ikkje i substrat. EU vil óg stille sterkare krav til import av økologiske produkt fra tredjeland. Med andre ord vil økologi-regelverket styrke krav til den lokalproduserte og sirkulære delen av ein økologisk produksjon, og dermed skilje seg tydelegare frå konvensjonell produksjon.
Mattilsynet har oppsummert endringene godt i denne artikkelen
Desse endringane blir forklart i artikkelen:
- Nye krav til meir økologisk og lokalprodusert fôr
- Auke i økologisk formeringsmateriale for dyr og planter
- Krav til uteområder for oksar
- Nye produksjonsregler for økologisk fjørfehold
- Nye reglar for jord i veksthus
Nye godkjenningsområder
Det har óg vorte skapt nye moglegheiter gjennom det nye økologi-regelverket. Det kan søkast godkjenning for nye produkt og produksjonar som hjort, insekter, salt og ull. Det skal óg verte lettare med gruppesertifisering, for å redusere administrative kostnader for mindre produsentar og styrke lokale nettverk og omsetningsmuligheiter.
Les mer på Mattilsynet sine nettsider
Gode råd i omstillinga
Har du spørsmål knyttet til endringene av regelverket kan du kontakte Debio direkte. Dei tek også imot innmelding i Debio, og kjem på årleg revisjon dersom du søkjer godkjenning for økologisk drift.
Norsk landbruksrådgiving Vest kan også tilby ulike rådgivingstjenester, for å hjelpe deg med praktiske løysingar og ein god overgang til det nye økologi - regelverket.
Kontaktpersoner
-
Frøydis Lindén
Tlf: 55 57 21 86 / 90 55 21 94