Verdsarvbønder nominert til nasjonal kulturlandskapspris

På Stigen vert slåtten gjort unna med handemakt.
På Stigen vert slåtten gjort unna med handemakt. Foto: Trude Knagenhjelm, Statsforvaltaren i Vestland.

Bøndene på gardane Styvi og Stigen, i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden, er nominert til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2021.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.05.2021

Det er Vik kommune og Statsforvaltaren i Vestland som står for nominasjonen.

Dei to para Bjørn Henning Hov og Monica Haglund (Styvi) og Hege Strømme og Charles Dee Cunningham (Stigen) gjer ein stor innsats for å ta vare på kulturlandskapet. Dei driv omfattande skjøtsel i verdsarvområdet, i kombinasjon med drift av gardar i Fresvik, i Vik kommune. Transport av beitedyr på båt frå Fresvik til Nærøyfjorden, og mellom ulike teigar, er ein del av dette driftsopplegget.

Norsk Kulturarv deler kvar år ut Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet. Føremålet med prisen er mellom anna å auke kunnskapen om kulturlandskapet og å stimulere til å ta vare på- og utvikle kulturlandskapet gjennom gode døme.

Kandidatane vert vurderte etter fleire kriterium. I nominasjonen i år er det mellom anna trekt fram at skjøtselen av dei to gardane i verdsarvområdet er del av den heilskaplege drifta til dei gardane, noko som gjer at både drifta og kulturlandskapet vert opplevd som autentisk. Det er også lagt vekt på at skjøtselinnsatsen dannar grunnlag for at ålmenta kan oppleve kulturlandskapet i verdsarvområdet, både sett frå båt eller ferje på fjorden, eller på land i form av fotturar og camping.

Holmo, som er eit av landemerka i Nærøyfjorden, vert skjøtta av ein av dei nominerte til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2021.
Holmo, som er eit av landemerka i Nærøyfjorden, vert skjøtta av ein av dei nominerte til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2021. Foto: Trude Knagenhjelm, Statsforvaltaren i Vestland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.