Kommunane skal melde inn nye tiltak for betre vasskvalitet
Statsforvaltaren sende brev til alle kommunane i Vestland 20. januar og minna dei om å melde inn aktuelle landbruks- og miljøtiltak til den oppdaterte vassforvaltningsplanen for 2028–2033.
Publisert 06.02.2026
God lokal kunnskap og samarbeid med vassområdekoordinator er viktig for å få treffsikre tiltak. Kommunane gjer ein viktig jobb i dette arbeidet med å sikre god vasskvalitet i Vestland!
Hovudpunkta i informasjonen er:
- Kommunane må prioritere tiltak som reduserer avrenning frå landbruk og betrar tilstanden i påverka vassdrag. Vi peikar på tiltak som kan vere særleg aktuelle i Vestland.
- Det er viktig at kommunen tek tak i ureining frå spreidd avløp og sikrar ei planmessig og framoverretta oppgradering av både spreidde og kommunale avløpsanlegg.
- Gode rutinar i byggesaker for landbruksbygg kan førebyggje forureining.
- Restaurering av vassdrag bør vurderast særleg der det finst sårbare artar.
Les meir i informasjonsbrevet om vasstiltaksarbeidet, med utfyllande vedlegg om avløp, landbruk og aktuelle tiltak.
Kontaktpersonar
-
Øyvind Masdal
Tlf: 57 64 30 22 -
Martin Søgnen
Tlf: 57 64 30 79 -
Anette Heggøy
Tlf: 55 57 23 05 -
Mari Hildrum
Tlf: 57 64 30 29