Tilskot til miljøarbeid i jordbruket

Bonden gjer ein stor innsats for miljøet. Her er ei oppsummering for tilskotet i 2020. Gardsdrift med sau og geit vart særleg prioritert.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.02.2021

Regionale tilskotsordningar tilpassa miljøverdiane og -utfordringane i Vestland skal betale for ekstra arbeid og investeringar. Av potten på 61,3 mill. kr. har småfenæringa fått størst tilskotsauke i Vestland i 2020. Bratte gardsbruk i drift og utmarksbeite er viktig både for ope kulturlandskap, matproduksjon, biologisk mangfald og tilgjenge til naturen.

Dei regionale miljøtilskota er ein del av Regionalt miljøprogram, og dei skal stimulere til å skjøtte og ta vare på kulturlandskapet, biologisk mangfald og redusere avrenning til vassdrag og redusert utslepp til luft. Miljøprogrammet er fastsett av Statsforvaltaren i samråd med Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget. Det skal stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap. Særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast. I miljøprogrammet er det definert fylgjande delmål:

  1. Eit ope og velstelt kulturlandskap
  2. Bratt jordbruksareal i aktiv drift
  3. God utnytting av utmarksbeite og aktiv stølsdrift
  4. Utvalde biologiske og kulturhistoriske verdiar i landskapet blir teke vare på og skjøtta
  5. Landbruket er klimavenleg og har lite tap av næringsstoff og klimagassar til luft
  6. Eit landbruk som er tilpassa eit endra klima
  7. Minst mogeleg tap av næringsstoff frå landbruket til vassdrag

Ramma for regionale miljøtilskot er framforhandla nasjonalt som ein del av jordbruksforhandlingane. Tilskota vert annonserte med førebelse satsar, medan endelege tilskotssatsar vert fastsette per søknadsomgang med utgangspunkt i søknadstala. For søknadsomgangen 2020 sat Statsforvaltaren att med ein rest-sum på ca. 7 mill. kr etter at tilskota var fordelte etter førebelse satsar. Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget har gitt støtte til Statsforvaltaren sitt framlegg om å auke tilskot for fylgjande miljøtiltak søknadsomgangen 2020:

Tilskot til drift av bratt areal med grovfôrproduksjon

Dei brattlendte bruka og teigane er eit særpreg for landbruket i Vestland. Det bratte arealet er tungdrive og arbeidsintensivt, og det er såleis ekstra utsett for å gå ut av drift. Den bratte innmarka står på hell, og den er såleis svært synleg i landskapsbildet. Ved å stimulera til slått i det bratte arealet oppnår ein både matproduksjon, ope og stelt kulturlandskap med positive ringverknader for det kringliggjande plante- og dyrelivet, og at drift på marginale innmarksområde held fram.

Beitenæringa og særskilt sauehaldet bør styrkast i miljøtilskota. Dette var konkret tilbakemelding frå Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget i 2019. Auka tilskot til bratt areal med grovfôrproduksjon vil treffa småfenæringa godt då småfebruka utgjer hovuddelen av dei brattlendte bruka med grovfôrproduksjon. Søknadstala for drift av bratt grovfôrareal i Vestland har ein nedgang på 4,53 prosent berre frå 2019 til 2020. Dette ei ikkje ynskja utvikling som vi ynskjer å bremse og snu.

Endelege tilskotssatsar for drift av bratt grovfôrareal søknadsomgangen 2020 vert auka til:
kr 351/daa - skjøtsel av grasareal med helling 1:5 til 1:3
kr 526/daa - skjøtsel av grasareal med helling brattare enn 1:3

Tilskot til drift av beitelag, småfe

Vestland har svært gode og produktive fjellbeite, særleg i indre og høgareliggande strøk. Med færre aktive bønder vert det meir krevjande for dei som har dyr på utmarksbeite enn før, både med tanke på tilsyn, sanking og manglande gjerdehald mot utmarka. Samarbeid innan Organisert beitebruk er difor truleg endå viktigare no enn før. Gjennom aktive og oppegåande beitelag kan ein forvente lågare tap, meir effektiv og rasjonell tilsyn og sanking, auka kunnskapsformidling til, frå og innad i næringa. Ein kan og forvente fleire beitedyr i utmark, noko som igjen er positivt både med omsyn til kjøtproduksjon, ope landskap, biologisk mangfald, opne stiar, dyrevelferd og dyrehelse.

Som nemnt over gav Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget i 2019 tilbakemelding om at beitenæringa og særskilt sauehaldet burde styrkast i miljøprogrammet. Auke i tilskot til drift av beitelag per småfe vil vere svært målretta i høve ynskje om å styrka beitenæringa og særskilt småfenæringa.

Endeleg tilskotssats for drift av beitelag, småfe sleppt på utmarksbeite søknadsomgangen 2020 vert auka til kr 30/småfe sleppt på utmarksbeite.

Brenning av kystlynghei

Lyngbrenning er eit viktig og målretta tiltaka for å ivareta og forvalta den sterkt truga kystlyngheia som Noreg også har ein internasjonalt ansvar for. Lyngbrenning er nødvendig for å forynge røsslyngen slik at ein opprettheld kvaliteten på lyngbeita, samt å hindre oppslag som busker og tre som beitedyra ikkje held nede. Størsteparten av kystlyngheia i Vestland blir for lite svidd. Det er krevjande å få gjennomført sviing av kystlynghei, og tiltaka krev både nok mannskap, god planlegging og godt samarbeid med lokalt brannvesen. Det er ynskjeleg å stimulere til at meir areal med kystlynghei vert brent, både for å forvalte naturtypen og for å betre vilkåra for beitebruk i utmark langs kysten.

Endeleg tilskotssats for brenning av kystlynghei søknadsomgangen 2020 vert auka til kr 500 per dekar.

Tilskot til stølsdrift

Kravet frå nasjonalt hald er at tilskot til stølsdrift skal vere minst kr 60 000 per støl. Stølsdrift er i Vestland matproduksjon hovudsakleg basert på utmarksbeite, og det krev eit ekstra produksjonsanlegg på føretaket. Beitedyra bidreg til å halda stølsareala og utmarksbeita opne. Dette er igjen gunstig for det kringliggjande plante- og dyrelivet. Gjennom stølsdrifta vidarefører ein gamal tradisjon med mjølkeproduksjon på stølen, og stølsdrift er ein viktig kulturformidling for landbruket. Statsforvaltaren, Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget ynskte i 2019 å styrka tilskotet til stølsdrift monaleg, og tilskotet blei då auka frå kr 60 000 per støl til kr 80 000 per støl. I 2020 legg vi opp til ei mindre auke på dette viktige tilskotet.

Endeleg tilskotssats for tilskot til stølsdrift søknadsomgangen 2020 vert auka til kr 85 000 per støl.

Tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel

Formålet med tilskotet er å stimulere til at husdyrgjødsel blir lagt rett ned på jorda (nedlegging) eller blanda direkte i jordsmonnet (nedfelling) i staden for tradisjonell breispreiing med gjødselkanon eller liknande. Nedlegging og nedfelling av husdyrgjødsla motverkar tap av ammoniakk til lufta og avrenning av husdyrgjødsel til vatn, og det er såleis eit godt tiltak for å redusere ureining frå jordbruket. I jordbruksoppgjeret 2018 vart det fastsett at alle fylka skal ha regionalt miljøtilskot for nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel. I jordbruksoppgjeret 2020 blei alle fylka pålagde å prioritere dette tiltaket anten i form av auka søknadsmengde (etter målretta informasjonsarbeid) og/eller auke i tilskots-sats. Søknadstala for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel i Vestland har auka frå 2019 til 2020, og dei nasjonale føringane frå jordbruksforhandlingane er såleis innfridde. Det var likevel ynskjeleg at noko av fordelingsmidlane skulle kome dette nasjonalt prioriterte tiltaket til gode.

Endeleg tilskotssats for tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel for søknadsomgangen 2020 vert auka til kr 85 per dekar. Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselslange (gjeld kun i kombinasjon med nedfelling/nedlegging) er uendra.


Dei regionale miljøtilskota for Vestland for søknadsomgangen 2020 vert utbetalte frå Landbruksdirektoratet til bøndene 12.mars 2021. Med unntak av endringane nemnde over er dei endelege tilskotssatane like dei førebelse satsane.

Tabell med oversikt over endelege tilskotssatsar for 2020

Søknadsfristen for Regionale miljøtilskot 2021 er 15. oktober. Føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket og som oppfyller vilkåra til ein eller fleire av tiltaka kan søke.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.