Spesielle miljøtiltak i landbruket

Føremålet med SMIL (spesielle miljøtiltak i jordbruket) er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusere forureininga i jordbruket, utover det som er venta gjennom vanleg jordbruksdrift. 

Det kan løyvast investeringstilskot til tiltak som tek i vare og fremjar natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet (kulturlandskapstiltak) og investeringstiltak som medverkar til å redusere forureining eller risiko for forureining frå jordbruket (forureiningstiltak). Tiltaka må ikkje kome i konflikt med viktige naturverdiar eller kulturminne. 

Kommunen fastset lokale retningslinjer for bruken av midlane og søknadsfrist i tillegg til å handsame søknad og gjere vedtak om SMIL-tilskot.

Statsforvaltaren er klageinstans. 


Publisert 19.02.2021

Retningslinjer for SMIL, tilskot til tiltak i beiteområde og NMSK

Regelverka for spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), tilskot til tiltak i beiteområde og nærings og miljøtiltak (NMSK) slår fast at kommunane skal lage overordna retningslinjer. For å samordne desse ordningane, har vi laga ei felles rettleiing til kommunane.


Publisert 29.09.2020

Endring i SMIL-forskrift

Forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket er endra, slik at det ikkje lenger er krav om å ha eit føretak for å kunne få SMIL-tilskot.