Nytt hefte om lagring av rundballar

Norsk Landbruksrådgiving Vest og Landbruk Nordvest har laga eit nyttig rettleiingshefte om gode løysingar for lagring og handtering av rundballar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.03.2019

Dette er eit tema som er relevant for heile Vestlandet med tanke på den utbreidde bruken av rundballemetoden. Dei gjeldande retningslinjene for lagring av rundballar vart laga då metoden framleis var nokså ny. Utviklinga av denne ensileringmetoden gjer at regelverket er utdatert og at det er behov for oppdatert rettleiing tilpassa dagens tilhøve.

Aktuelle problemstillingar i heftet er førebygging av avrenning av pressaft til vatn, handtering og resirkulering av rundballeplast og skade på rundballar og farlege trafikksituasjonar som følgje av at rundballar tiltrekk seg hjort. Dette er utfordringar som er viktige å handtere for å styrke landbruket sitt omdøme.

Heftet er utarbeidd med økonomisk støtte frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal.

Heftet: Lagring av rundballar. Gode løysingar for gardbrukar og miljø.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.