RMP-midlar ved nedlegging, nedfelling og tilførselslange
Har du brukt nedlegging eller nedfelling med tilførselslange ein eller fleire gongar før 10. august i år? Her finn du viktig informasjon om regionalt miljøtilskot (RMP).
Krevjande vêrforhold fram mot 10. august har gjeve mange bønder ein del utfordringar knytt til mellom anna gjødsling. Miljøgevinsten til nedlegging eller nedfelling med tilførselslange har likevel vore god når ein har brukt utstyret. Så dersom du har brukt nedlegging eller nedfelling med tilførselslange ein eller fleire gongar i år, før fristen 10 august, vil dette bety at du kan søke på desse ordningane i RMP. Dette gjeld sjølv om du gjødslar same areal med med anna utstyr etter 10. august.
Ikkje lenger dekaravgrensing på nedlegging og nedfelling
Det vart gjort ein endring i dette RMP-tilskotet i vår, der taket på maks 100 dekar vart fjerna. Det er dermed ikkje lenger nokon øvre dekargrense på areal som gjev tilskot til nedlegging / nedfelling.
Avgrensinga på maks 100 dekar er vidareført i tilskotet som ein får gjennom spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange. (Ein må søke på dette for å få fullt tilskot). Fordelen med dette er at ein framleis får gode tilskot til dei som gjødslar 70-100 dekar. Samstundes vert det stimulert til og registrert bruk av nedleggingsutstyr på ein mykje større del av jordbruksarealet. Ved å behalde 100-dekar grensa på tilskot til bruk av tilførselslange, har vi kunna holde satsen høg der.