BEIT – ein optimistisk konferanse om klima, landbruk, fjøs, teknologi og slikt

Landbruk er ei utsleppskjelde for klimagassar, men kan også vere del av løysinga. Det hastar med å finne løysingar. BEIT er eit bidrag til dette.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.10.2019

Landbruksnæringa er den femte største utsleppskjelda av klimagassar og står for 8,4 prosent av Noreg sitt årlege utslepp. I motsetning til andre utsleppskjelder vil landbruket også binde og lagre CO2. Skog, jordbruksjord og beitemark bind og lagrar karbon i plantemateriale og i jorda.

Vi må gjere meir for å motarbeide klimaendringar og bidra til å redde klimaet for komande generasjonar. Verda treng mat, produsert i pakt med natur og klima, og vi vil vere ein del av løysinga til å få dette til. Dagens moderne og samfunnsengasjerte bønder har ambisjonar. Tida for handling er no.

Mangfald av løysingar

På BEIT-konferansen i Myrkdalen 17.-18.oktober samlast bønder, forvaltning, entreprenørar, studentar, visjonærar og jordnære forskarar for drøfting av eit stort mangfald av løysingar som har «klimaredningspotensial». Hovudfokus var produksjon av mjølk og kjøtt.

Vi treng fjøs som er kostnads- og klimasmarte, og som leverer både konstruktivt og driftsmessig på «klimaredningsskalaen». Samstundes må bonden som næringsdrivande sjå økonomisk gevinst av investeringar. Staten må setje i gang klimaeffektive innovasjonar og bonden må sjå at investeringane vil styrke marknadsposisjonen i framtida.

Dei unge si stemme

Konferansen starta med engasjerte ungdommar frå Voss vidaregåande skule. Dei hadde gjort seg tankar om framtida for landbruksnæringa og leverte ein sterk appell til forsamlinga. Framtida i det norske landbruket kan vere lysande, så lenge unge bønder får auga opp for eit meir berekraftig landbruk, satsar på beitedyr og gjerne driv økologisk.

Klimasmarte fjøs

På konferansen vart det presentert bruk av trevirke i moderne fjøsbygg, både i teori og praksis. Trebygg er ein nøkkel til meir klimasmart drift på gardane. Både Kristin Støren Wigum frå Kystskogbruket, “trefjøsbonden” Helge Arne Espeland, Jochen Simon frå Tyskland og Hans Martin Andersen tok til orde for ein meir sirkulær gardsressursbruk – bruk av materialar frå eigen skog – og effektiv og kostnadssparande bygging av nye driftsbygningar.

Eit viktig argument for moderne trefjøs er dyrevelferd. Joep Driessen frå Nederland engasjerte forsamlinga med eit føredrag om fjøs som gjer kua “meir lukkeleg og meir frisk”. Han sa også at viss kua lever to år lengre og får to ekstra laktasjonar, kan vi redusere metanutslepp med 30 % og samstundes får ei meir økonomisk drift for bonden.

Vi må bli flinkare til å dele kunnskap og erfaringar for å kunne redusere klimagassutsleppa frå landbruket. Difor er det trong for møteplassar som BEIT.

Sjå programmet her: www.beitkonferansen.no

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.