Avkorting i tilskot ved inngrep i kulturlandskapet

Sprengingsarbeid utan løyve Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Det er vedteke endring i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket § 4. Landbruksforvaltninga får betre verktøy til å følgje opp mellom anna inngrep som øydelegg kulturlandskapet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.10.2021

Bestemminga i § 4 regulerer konsekvensar for tilskotet i tilfelle der det blir utført "inngrep som forringer kulturlandskapet", eller der kravet om vegetasjonssone mot vassdrag blir brote. Krav om vegetasjonssone gjeld ei sone utan jordarbeiding. Tidlegare skulle forvaltninga avslå alt tilskot til jordbruksareal når desse miljøkrava ikkje var fylt.

Landbruks- og matdepartementet har no endra regelverket slik at forvaltninga skal avkorte tilskotet ut frå kor alvorleg saka er, og kva konsekvensar inngrepet eller manglande vegetasjonssone kan få. Årsaka til endringa er å få eit regelverk som gjer ein meir forholdsmessig og rimeleg reaksjon. Landbruksdirektoratet vil i løpet av kort tid kome med eit nytt rundskriv der dei mellom anna legg føringar for korleis forvaltninga skal vurdera storleiken på avkortinga.

Endringsforskrifta finn du på Lovdata. Du kan lese meir om korleis bestemminga skal praktiserast i Landbruks- og matdepartementet sitt fastsettingsbrev. Sjå lenke til endringsforskrift og fastsettingsbrev i boksen til høgre.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.